Gå til innhold
Nasjonalarkivet

[#20018] Otte Pedersen f ca 1775 frå Vartdal?


Recommended Posts

  • 2 uker senere...
Gjest Ivar S. Ertesvåg

...sidan ingen har svara, er kanskje svaret at ingen her kjenner honom. Det kan ha noko å gjere med at kyrkjeboka for Ulstein (som Vartdal høyrde til) gjekk tapt i 1832. Det spørs om du må ta fatt på Vartdalssoga (Johs. Buset) og bla deg gjennom alle bruk og setje opp oversyn over alle Pederar og Ottar. Det er ikkje så mykje som det høyrest ut til. Vartdal er ikkje så stor. Du vil sannsynlegvis finne ein del som heiter Peder, men ikkje så mange som heiter Otte. Det kan godt hende at namnet kan vere eit spor.

Gjest Bjørn Jonson Dale

Vartdalssoga I, s 391, opplyser at ''Otto'', fødd 1770, seinare bonde på Otterlei, var son av Peder Erikson på Årskog, gamalt bruk, Nøre Vartdal, og kona Solveig Olsdt Kalvatn. Det ser ut til at forfattaren, Johannes Buset, har hatt dårlig dokumentasjon for denne huslyden sin del. Eg skal sjå om eg finn skifte etter Peder og/eller Solveig.

Gjest Bjørn Jonson Dale

Eg har ikkje funne skifta etter Peder Erikson og Solveig Olsdt på Årskog. Derimot finn eg i skiftet etter Peder Pederson i Hansgarden på Årskog 17/5 1775 enka Eli Ottarsdt og barna Simon (7 år gl), Ottar (1) og Ingeborg (utan oppgitt alder). Denne Ottar Pederson må ha vore den som flytta til Fjørtofta, i og med at alderen 1775 høver med den som er registrert 1801 (25 år) (og dessutan dette: at Peder Erikson og Solveig Olsdt ikkje hadde grunn til å kalle ein son Ottar).

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.