Gå til innhold
Nasjonalarkivet

[#21156] Borgarbok Bergen kring 1825 og dødsmelding Bergen 1857


Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Ole Iversen, som i 1815 vert oppgjeven mellom 32 og 47 år gamal, var då busett i 24. rode nr. 3. Han vert nemnd gesell i 1815, handelsbetjent mellom 1817 og 1824, framleis busett i 24. rode nr. 3, men er i 1828 vorten kjøpmann i Bergen med bustad 7. rode nr. 27.Eg mistenker denne Ole Iversen for å vera døypt i Hafslo 6.12.1780 som Ole Iverson Quam. Ole Iversen frå Hafslo var i 1813 busett i Bergen, og den seinare kjøpmannen er den einaste Ole Iversen med høveleg alder i 1815!For å vera kjøpmann i Bergen måtte vel Ole Iversen løysa borgarbrev, og eg lurer på kva fødestad som der er oppgjeven? Står det eventuelt andre opplysningar om han? Eg finn ikkje dødsfallet hans i Bergen, med mindre det var:Ole Iversen ''bedemand'', 76 år gamal, som døydde i 5. rode nr. 23 den 5.4.1857? Kva seier dødsmeldingi til denne Ole Iversen om etterlatne?På førehand hjarteleg takk for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.