Gå til innhold
Arkivverket

[#21157] Ole Iversen og Else Iversdatter ''cop. i Aggershuus slotskirke'' kring 1814?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

I Krosskyrkja i Bergen vart det hausten 1815 døypt ei jente med namn Gurine, fødd 25.9.1815 av foreldri gesell Ole Iversen og kona Else Iversdatter. I merknadsfeltet står det at foreldri vart ''cop. i Aggershuus slotskirke''.Eg trur at Ole Iversen var barnefødd på garden Kvam (Quam) i Hafslo i Sogn i 1780 og er svært interessert i kva opplysningar som står i kyrkjeboki for slottskyrkja i samband med vigsli, ogso når det gjeld opphavet til Else Iversdotter?På førehand hjarteleg takk for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Geir Kamsvaag Berntsen

De ble viet 04.01.1815. 'Ungkarl Ole Iversen, Pige Else Iversdatter Bakke. Forlover: Købmand Erichsen, John Andersen.' (Jeg har sett i både Mini og Klok, men ingen flere opplysninger.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til deg, Geir, for at du undersøkte dette so kvikt.Då er me altso like langt med omsyn til Ole Iversen, men det var jo interessant at Else dukka opp med eit ættenamn, Bakke. Ho må vera fødd kring 1788, so kanskje FT1801 kan hjelpa oss vidare der?Etter litt leiting finn eg ikkje nokon Else med tilknytting til nokon gard Bakke, men det er ei husmannsdotter Else Iversdotter på ein plass under Hovde i Storelvdal, Åmodt, som er 13 år i 1801 og som har ei mor Siri og ei tvillingsøster Ane, noko som høver godt med at Ole og Else fekk ei dotter Sirene Ane i Bergen... Kanskje Ole hadde vore i krigen på dei kantar?Nok ein gong, hjarteleg takk for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.