Gå til innhold
Arkivverket

[#21204] Bergen panteregister/skifteprotokoll 1785/1815


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

FT1801 for Bergen syner mellom anna:~~~~~~~~~~641 Bergen 9de Rode 194619 Johannes Olsen Huusfader 46 1. ægteskab Arbeidsmand F4620 Gurina Ellingsdtr Hans kone 74 2. ægteskab M~~~~~~~~~~FT1815 for Bergen syner mellom anna:~~~~~~~~~~4626 4637 NK 9-19 Gurie Ellingsdtr. K 82 Uden Nogen Neringsveie (?)~~~~~~~~~~Bustaden deira i 9. rode nr. 19 var altso den same frå 1801 til 1815. Truleg var dei huseigarar.Mannen Johannes Olson, fødd i Yngsdalen i Hafslo og døypt der 16.2.1758, er truleg den Johannes Olsen som vart gravlagd frå sjukehuset i Bergen 15.2.1808. Han er i 1804 omskriven som Johannes Olsen Yngsdal, drager, busett i 9. rode. Guri Ellingsdotter døydde i Bergen 25.8.1820 og vert då nemnd enkje etter drager Johannes Olsen!To spørsmål:* Skiftet etter Johannes Olsen (Yngsdal) er av interesse då han truleg etterlet ei søster Gjertrud, som er sporlaust borte!* Johannes og Guri/Gurine gifte seg i Bergen 13.11.1785. Opphavet hennar er ukjent. Er det mogeleg å spora eigedomen i 9. rode nr. 19 attende? Kan Guri/Gurine ha butt der ogso FØR ho gifte seg med Johannes?Eg vonar det er mogeleg å finna ut av desse problemi og takkar so mykje på førehand for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.