Gå til innhold
Arkivverket

[#22697] Torger Ellingsen født 1828 i Volda, Møre og Romsdal


Gjest Odd Brede
 Del

Recommended Posts

Gjest Odd Brede

Ekteparet Torger Ellingsen og Marie Rasmusdatter finner vi på Hestholm i Herøy i 1900 tellingen LenkeDet er oppgitt at han er født i Volden Rom (Volda?) og hun i Ulfsten.Er Torger sønn av Elling Didriksen Havsaas fra Eid i Sogn og Fjordane og kona Brite Hansdatter og født på Heltne i Volda?Er dette riktig, hvem er så forfedrene til Elling og Brite?Marie Rasmusdatter er trolig den som ble født i 1824 i Ulstein - foreldre Rasmus Rasmussen og Ragnhilde Andersdatter, men kjenner noen til opphavet til de to sistnevnte?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Otto Ottesen

Ulstein den gongen var dagens Ulstein og Hareid kommunar + Vartdal (no i Ørsta). Og på Festøy (Vartdal) finn vi Marie Rasmusdotter (1824- 1897). Dotter av Rasmus Rasmusson Festøy (1800-1828) og Ragnhild Andersdotter Masdal (1797 - 1871). Det er berre det at Vartdalsoga oppgir at Marie Radmusdtr. var ugift. Så anten du eller Vartdalsoga må ta feil!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Rune Bergesen

I BB for Herøy III Djuvik bruk nr 12 hestholmen finner vi Elling Didriksen Havsås Eid g m Brite Knutsdtr. Vollsæter Sunnylven, Barn Torgeir som er neste brukar og gift med Marie Rasmusdtr. Vattøy Ulstein. Under Vattøy i Ulstein finner vi i 1822 Rasmus Olsen Holsvik g m Anne Magdeli Andersdtr. Geitvik Volda, barn Andrine Marie 1824-1914 gift med Torgeir Hestholm Herøy.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Ivar S. Ertesvåg

Til (2): Vartdal vart skilt ut som eige sokn frå Hareid sokn i Ulstein prestegjeld i 1877. I 1900 vart soknet lagt til det nyoppretta Ørsta prestegjeld (saman med Ørsta sokn frå Volda prestegjeld). Om vi blar litt i 1900-teljinga, så ser vi at (iallfall for nærområdet) er fødestad gjeve som sokn (Ørsten, Søvden, Røvde, m.m.). Flåskjer på Vartdal er lite truleg fødestad 'Ulfsten' her. Vattøy, derimot, ligg i Ulstein.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Ivar S. Ertesvåg

Til (1) og (3): Torgeir var fødd før foreldra kom til Hestholmen (1832). Herøyboka (i 2.utg. 1981, er det i bd.2 s.525) seier dei kom hit frå Vanylven der Elling hadde vore paktar på prestegarden. Kyrkjeboka for Volda seier Lenke at Torgeir var fødd der i 1828, på Heltne, med foreldre Elling Didrikson Havsås og Brite Hansd. Herøyboka brukar dei same namna på dei som fekk plass-setel på Hestholmen i 1832, og i tillegg at Elling kom frå Eid (grannesokn til Volda over grensa til Nordfjord) og at Brite kom frå Vollsæter, Sunnylven.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Ivar S. Ertesvåg

Om (Andrine) Marie sine foreldre, Ulstein-boka (bd.4 s.640 Vattøy): Rasmus Olsson Holsvik (1798-1829) og Anne Magdeli Andersd. Geitvik (d.1894, 101 år), g.1818, plassefolk på Vattøy frå 1822. Både Holsvik og Geitvik er i Volda. Vigselsopplysninga må vere frå Volda, sjåLenke (kyrkjebøkene i Ulstein tapt 1832). Voldasoga bd.3 s.73 (Holsvik): Rasmus sine foreldre var Ola Nilsson Nes (Volda) og Marie Rasmusd. Svor (Hornindal, Nordfjord), g.1797. Ei spesiell opplysning er at Ole _kjøpte_ eit stykke av Holsvik til husmannsplass. Brukaren Mattis (s.74)(Rasmusson Svor, kan ha vore bror til Marie) bygsla ein del av garden av ein husmann under garden! Voldasoga gjev også opplysninga om sonen Rasmus var gift med Anne Andersd. Geitvik og budde på Vattøya. Voldasoga bd.2 s.417 (Geitvik): Anne sine foreldre, Anders Pederson Geitvik, Anne Lard. Bueide (Volda), g.1773. 8 barn, Anne yngst, f.1796., g.m. Rasmus Holsvik, budde på Vattøya.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Odd Brede

Takk til Otto, Rune og Ivar for hurtig og god informasjon.Et spørsmål: Ved Torgeirs dåp er mor oppgitt til Brite Hansdatter, men i bygdeboka er oppgitt at Elling Didriksen er gift med Brite Knutsdatter Vollsæter. Er opplysningen ved dåp feil?Odd Brede

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Ivar S. Ertesvåg

Til (7): Eg oversåg dette mishøvet. Avskrifta er rett i dette høvet, originalen har 'Hansd.' Den utyda yrket meiner eg må vere 'Tienere'. Det seier ikkje stort. Han som døypte var ikkje 'Paul Weltzin' men 'Lieut. Weltzin' (han heitte Jens Fredrik), som står som fadder saman med kona og tre andre med namn som ikkje høyrer til i Volda. Men i Tilgangslista finn vi dei i 1827 som 'Ægtefolk Elling Didrichs. Havsaas og kone Brite Knudsd.' Eg finn ikkje utflytting frå Volda. Innflytting til Herøy er ført i 1831: 'Ægtefolk Elling Didrichs. Havsaas og Brite Knudsd.' Flytta frå Volda Prg. Born er ikkje nemnde i flyttelistene

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Ivar S. Ertesvåg

Vollset eller Vollsæter ligg øvst i Sunnylvsdalen (søraustover frå Hellesylt). Fram til midt på 1800-t. høyrde han til Oppstryn sokn i Nordfjord. I 1801-teljinga finn du han her Lenke . Brite er ikkje nemnt, men vi finn enkje og born i høveleg alder etter ein Knut. Det kunne vere at eitt eller fleire barn var til fostring hjå slektningar. Herøyboka seier Brite kom derifrå, men kvar opplysninga kjem frå er uvisst. Det stend ikkje i nokon av kyrkjebok-innførslene, heller ikkje v. gravferda i 1860 (Brite Knudsd. Hestholm, 66 år).

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Odd Brede

Hei Ivar!Takk for informasjon om at Vollsæter i sin tid hørte til Oppstryn.Jeg har søkt etter Brithe Knudsdatter Vollsæter, men finner ingen passende blant døpte i Innvik.Imidlertid har jeg fått opplyst på arkivforumet hvem som er nevnt i skifte etter Knut Danielsen Vollsæter. Skiftet er datert 18.5.1797 og nevner kona Inger Gundersdatter og blant barna Brithe 11 1/2 år. Denne Brithe Knutsdatter som ikke er på gården Vollsæter i 1801, er trolig den som er tjenestejente (15år)på Lindviken (en annen gård i Oppstryn).Dersom dette er den riktige Brithe Knutsdatter, var det stor aldersforskjell mellom ekteparet. Brithe født ca 1785 og Elling født ca 1802.Odd Brede

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Ivar S. Ertesvåg

Aldersskilnad var ikkje så uvanleg. Av ein eller annan grunn er alderen ikkje oppgjeven ved innflytting til Volda og til Herøy (det er ei kolonne for alder i skjemaet). Ved innflytting til Volda står det ein tekst under 'Haandtering' som eg ikkje heilt greier å tyde på mikrofilmkortet. 'Forpagter hos Kirkesanger Meldal' er greit nok (Even Meldal var klokkar i Volda 1826-1856, budde på klokkargarden Klepp).Men dette kan høyre til paret som er innført framanfor i lista. (Peder Anders. Solem og Kone Lisbet Johanne Steffensd., 33 og 26 år). Vidare: 'Have som Forpagtere ..?.. 1 aar(?) i Vandelv(?) paa Thorvig Præstegrd(?) hvor de sidst communicerede 1826 og ... tienende i Woldens(?) Sogn Communicerede....' (med ein del atterhald i tydinga). Under 'hvorfra ankomne': 'Fra Storems Sogn i Eijd Kald' kan høyre til paret framanfor. Vidare 'fra Eijd til Davig fra Davig til Wandelven og derfra hertil 1827'. Paret framfor har attest '8 July 1827 Nielsen' og Elling og Brite 'Att. fra Sp Bull til(?) Davig af 23 Juny 1827'. Du kan sikkert finne ut kven som var sokneprest kvar på denne tida. Eldste barn (ifl. Herøyboka) er Karl f.1825. Om det stemmer, må han vere fødd i Eid, Davik eller Vanylven, og rimelegvis er dei gifte noko før det.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Herleiv Saunes

Torgeir Ellingsen f. 1928 i Volda. Det ser ut til at du forsker på samme slekt som min kones slekt. Jeg har forsket på denne slekten i mange år og har funnet ut mye både bakover i tid og fremover i tid til i dag. Slektstavle har jeg laget og skrevet en liten bok om denne slekten. Bygdebøkene for Herøy er nok ikke alltid helt pålitelige. Voldsæter i Sunnylven skal nok være Vollsæt eller Vevelset i Eid. Er interessert i hvor mye du hvet om Hestholmslekten. Har du bilder av noen av dem? Er du etterkommer av de som kalte seg Hestholm? Jeg har bildet av min kones oldeforeldre som heitte: Rasmus Johannes Toregeirson Hestholm og Oline Wanberg Gjerseth. Hører gjerne fra deg om denne slekten.Herleiv Saunes, p.b. 272, 6067 Ulsteinvik,tlf. 70011366

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Ivar S. Ertesvåg

Til (13): Det stemmer at det er ei Brite Knutsd (8 år) på Vevelset (Wewelsetter) i 1801 Lenke . Då har Odd to kandidatar (den andre er på Vollset(er), som i 1801 låg i Oppstryn og frå ca. 1848 i Sunnylven). Men dersom du Herleiv veit dette sikkert, kan du ikkje like godt gje opp kjeldene for dette?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Odd Brede

Hei!Jeg er ikke i denne slekten. Jeg hjelper en svigerinne av meg som leter etter sine aner. Hun er født Bjerkvik fra Ålesund - og noen av forfedrene finner du her LenkeDora har jeg sporet opp blant annet gjennom tema 22634. Jeg kan eventuelt sende det jeg har funnet ut - har du epostadr? Min er odd.brede@c2i.net.Odd Brede

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Herleiv Saunes

Hallo Brede! Navnet Bjerkvik høres kjent ut.Det skulle vel ikke være min kones søskenebarn?Hva mer enn Bjerkvik heter hun. Ang. Hestholm-slekten: Min dokumentasjon her er bygdebøker,folketellinger,kirkebøker på mikrofilm som jeg har lånt etc. Min E-post adresse er:herleiv.saunes@tiscali.no Det er interessant å se hvor mye du har funnet ut. Hilsen Herleiv

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Odd Brede

For å avslutte dette innlegget så kan jeg opplyse at jeg har funnet den riktige Brite. Hun heter Brite Knutsdatter Vevelset og er identisk med den som Ivar viser til med lenke i innlegg 14.Hun er født utenfor ekteskap med Knut Steffensen Vevelset og Stenor Jonsdatter Rafshol som foreldre. Skulle noe ønske å vite mer, kan jeg kontaktes på e-post.Odd Brede

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.