Gå til innhold
Nasjonalarkivet

[#23564] Tarje[i] Halvorsen., oppslag i Vinje Kyrkjebok


Recommended Posts

Gjest Aanund Olsnes

Eg er i beit for at nokon kunne slå opp i kyrkjeboka frå Vinje for meg. Eg har henne ikkje tilgjengeleg , og treng eit par opplysningar.Det gjeld ein Tarjei Halvorsen, fødd 1804 av foreldre Halvor Gundersen og Gyrid Tarjeisdtr.Tarjei fraus ihel i fjellet vinteren 1834. Han skal etter tradisjonen ha vore nygift då, og kona hans skal ha fått dottera Gyrid sama natta som han fraus ihel. Dottera eksisterer, og var fødd i 1834 i fylgje folketeljinga 1865.Men eg kjenner ikkje fødseldatoen, og eg veit heller ikkje namnet på mor hennes.Om det er nokon som har ein kyrkjebokkopi for handa, og som kunne skaffe meg desse opplysningane, skulle eg setje stor pris på det.

Gjest Aslak Bekhus

Tarjei er gift 13.04.1832 i Vinje med 'Berthe Ougundsdatter Smestad af Bøe' 25 år gamal. Dei hadde borna Gyrid f.12.07.1832 i Bjåi, døypt i Vinje og Tarjei f.09.03.1834 i Bjåi, heimedøypt og død 29.04.1834. Gravlagd i Vinje. Tarjei er død 08.03.1834 og gravlagd i Vinje 10 dagar seinare. 'Frøs ihiel på fieldet' står det i kyrkjeboka.Birte/Berte vart i 1840 gift med enkemann Halvor Olavson Bekhus (1785-1865) og ho døde på Bekhus den 24.10.1867. Sjå også Vinje og Rauland IV s.403Helsing Aslak

  • 3 uker senere...
  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.