Gå til innhold
Arkivverket

[#23894] Frende og frendekone !


Gjest Leiv Magne Apelseth
 Del

Recommended Posts

Gjest Leiv Magne Apelseth

Kor nære slektsforbindelsar snakka vi om når vi kjem bort i utsegn som frende og frendekone i mellomalderen ? Finnast det ein deffinisjon på det ?mvh Leiv Magne

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Endre Holten

Godkveld Magne!Din eigen 'frende' Ivar Aasen har slik forklaring: Frende, m. Frænde: Slægtning i en sidelinje, i sær søskendebarn, Fætter. Frenka, kvindelig Frænde, i sær Cousine, Fætterske. G.norsk: Frændkona, senere Frænka. Leiv Heggstads gamalnorske ordbok: frændi, eig. ven, frende, skylding, også um nærskylde som son og bror. Frænd-kona, f. frenka, kvinneleg skylding.Mvh. Endre.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Jonson Dale

Eg har lurt på det samme. Eg trur vi i alle fall må rekne med at frendskap strekte seg ut til tremenningar, kanskje også firmenningar; dvs dei slektningane ein ikkje hadde lov til å gifte seg med (dersom dei var av motsett kjønn). Praktisk sett: Enno er det vanlig å kjenne til tremenningane sine, i mellomalderen var det nok vanlig å kjenne til, om ikkje kjenne, firmenningane sine med. Femmenningane var det nok mykje verre å kjenne til då - utan DIS og Digitalarkiv og andre gilde hjelperåder...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Leiv Magne Apelseth

Takk til Endre og Bjørn . Vi kan vel kansje då gå ut i fra at frende og frendekone ikkje kan brukast utan vidare for å fastslå korleis to personar står i slektsforhold til kvarandre. Bortsett fra at dei er i slekt eller inngift i slekt fra tre/firmenning og nærmare t.o.m. son/datter ? Foreløpig konklusjon : Frendekone er vel ei som då er gift med ein mannleg slektning av nokon. Frende kan vere mannleg slektning , men også ein som er gift med ein kvinnleg slektning av nokon.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Ivar S. Ertesvåg

Først: frendkone eller frenke (som er det same) kan vere kvinneleg slektning eller kona til ein slektning. Dinest: Ordet frende er vel som ordet slektning -- det kan førast så langt ein vil (28.-menning, t.d.).Gulatingslova galdt på Sunnmøre, men Frostatingslova er meir ryddig når det kjem til opplisting av sakøyre og arv: Dei viktige frendane å halde orden på var dei som var ut til sjette leden. Sysken er første ledd, syskenbarn andre, tremenningar er tredje ledd, og seksmenningar sjette. Sjumenningar hadde lov å gifte seg (Kristendomsbolken avsn. 1).Ledd vart rekna etter den som var lengst frå syskenparet: når den eine var barnebarn av femmenningen til den andre, var dei slekt i sjuande ledd.Når nokon vart drepen, skulle frendane ut t.o.m. sjette ledd ha bot (Sakøyrebolken, avsn.12); og frendane til drapsmannen likeins bøte.Ved dødsfall tok frendane femte ledd arv. Og dersom ikkje dei fanst heller, fekk kongen arven. (Fyrste arvebolk 15, men her er det eit seinare tillegg; i Gulatingslova ser det ut til at kongen tek arv når det ikkje er arvingar i 4. ledd.)Så vi må gå ut frå at dei heldt orden på 5- og 6-menningane sine. Det kunne løne seg....

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Leiv Magne Apelseth

Takk til deg Bjørn for grei avklaring kring frendekone , og til Ivar for eit særs opplysandes innlegg . Det med at dei heilt ut til 5. ledd tok arv ved dødsfall er vel verd å merke seg for andre og vil eg tru. Bra konklusjonen min tidligare berre var foreløpig ;)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.