Gå til innhold
Arkivverket

[#24187] Christen Brun, Peter Christen Asbjørnsen's morfar


Gjest Torbjørn P. Hagen
 Del

Recommended Posts

Gjest Torbjørn P. Hagen

Søker opplysningar om Christen Brun, morfar til eventyrsamlaren Peter Christen Asbjørnsen. I 1801 er Christen Brun 'husmand med jord og skomager' under garden Moltu i Herøy. Han er enkemann og 61 år gammald.Dei 3 sønene Hans, Petter og Jørgen bur heime hos faren. Er det nokon som kjenner hans foreldre og fødestad?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Per-Ståle Moltu

Christen Brun vart lensmann i skipreida Nerøy og Ulstein i 1785. Han kom frå Borgund der han i 1770 hadde fått skøyte på Skuggen, som han selde i 1778 til bispinne Friis. Han ætta truleg frå Jens Sørenson Brun, skreddar på Fiskarstranda. Denne Jens hadde sonen Søren, gift med Margrete Jensdotter Fiskarstrand, og dei var truleg foreldra til Christen Brun. I tillegg til dei tre nemnde sønene hadde han sonen Ingebrigt Jakob f. 1788 og dottera Torine Elisabeth, 1789-1867 (mor til P.Chr.A.) (Frå 'Gardar og folk 3' av Bjarne Rabben)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest David Widerberg Howden

Ifølge Peter C.Asbjørnsen selv-skal han ha vært i nær slekt med kjøpmann Jacob Peder Meyer i Christiania,og da han besøkte Meyer på hans gods:Losby og leste eventyr for hans barn-skal han ha sagt at han var i slekt på hans Morfaders side?.-nå vet ikke jeg helt om dette stemmer eller om jeg husker helt hva det stod der jeg leste det:Dette er nevnt i boken Christianiafamilien Meyer av Arthur Skjelderup.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Jonson Dale

Det ser ikkje ut til at Christen Brun er son av Jens Sørensen Brun og kona Berte Simensdt Busch (gifte i Borgund 1738). Dermed er det fullt mulig at han var austlending. At han virkelig var austlending er sterkt sannsynliggjort i E A Thomle: Lidt om P. Chr. Asbjørnsens slægt (Norsk Slektshistorisk Forenings tidsskrift bd XXVII).

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...
Gjest Torbjørn P. Hagen

Takk for svar. Til innlegg 5 og 6:Det var opplysningane om at Christen Brun var i slekt med Meyerslekta som var grunnen til at eg stilte spørsmål om nokon kjente til hans foreldre eller fødestad. Christen skulle vera søskenbarn til Madame Fugleberg(dvs. Berthe Pettersdtr. Meyer, 1743-1831). Hennes far var Petter Christensen Meyer fødd i 1701 på garden Forr, Fron i Gudbrandsdalen. Han fekk borgerskap i Christiania 18 mars 1745. Petter's far var Christen Pettersen gardbrukar på Forr i Fron.Mi hypotese er at Christen Pettersen (Meyer) på Forr var Christen Brun sin morfar. Mora blir i såfall ei (Lisbet, Elisabet?) Christensdtr.(Meyer) frå Forr.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.