Gå til innhold
Arkivverket

[#24703] Guri Rasmusdt. Hurrel av Kaneætta


Gjest Trond Slettahjell
 Del

Recommended Posts

Gjest Trond Slettahjell

I Bygdebok for Holm sokn bind 2 s. 450 står det at Nils Knutsen Dalset, prest i Veøy fra 1533-58, var gift med Guri Rasmusdt. Hurrel av Kaneætta. Faren Rasmus var av Rike Torstein si ætt, som eide mye jordegods i Romsdal. Guri eide jordegods i Osen i Kleive sogn.Noen som vet noe om denne Rasmus?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest John H. Aarønes

Kva vil det egentleg seie at alt er feil? Var ikkje Nils Knutsen gift med Guri Rasmusdatter - eller er det påstandane om at 'Faren Rasmus var av Rike Torstein si ætt' og 'Guri Rasmusdt. Hurrel av Kaneætta' som er feil?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest John H. Aarønes

Ivar Bugge skriv i Romsdal Sogelags sitt årsskrift i ein artikkel om Nesje-diplomane og nokre ætteliner i Romsdal og Sunnmøre i samband med Holsbø-dommen 1605 at i retten møtte Anders Torsteinson Hurrel (Hurlen) og Rasmus Torsteinson Farstad (på Lepsøy i Haram),,,,,,Videre referer han til Herlof Grüner (RSA 1964) som opplyser at den Torstein Rasmussen som er omtalt i brevene fra 1526, var bror til Gurå Rasmusdtr. som var gift med den første protestantiske prest i Veøy, Nils Knutsen omtalt i et diplom 4. mai 1547.Bugge tek opp mykje interessant, men eg har problem med å følgje ein del av konklusjonane hans, særleg sambandet til Kane-Galtung-Aspe.Også han meiner at Gurå (Guri) prestefrue er av ætta til Rike-Torstein. Vidare meiner han at mora hennar truleg var av Kane - ætt. Dette begrunner han med arvegangen av visse gardpartar etter det eg kan forstå. Men som sagt - eg greier ikkje å følgje tankegangen hans.Diverre hugsar eg ikkje kva år denne artikkelen kom på trykk i Romsdal Sogelag sitt årsskrift.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Trond Slettahjell

Takk for tipset. Ser ut som opphavet kommer fra Hurlen/Hurla i Haram, og det er jo interessant.Olav Ødegård har skrevet om denne Nesje-ætten i 'Ættelinjer fra middelalderen', han er innom Ulla i Haram. Han bygger kanskje sin teori på de samme Nesje-diplomene.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Ivar Fylling

Apropos Rasmus Torsteinson Farstad i 1605; I Haram bygdebok s 153 er det sitert frå ting på Molnes i 1653: Enkja Ingeborg Saxesdtr Farstad (dotter til Saxe Eriksen Ulla?, enkje etter Samund Farstad) klaga over at dottersonen og forsørgjaren hennar, Saxe Rasmussen Farstad var utskriven til marineteneste. Han vart ikkje friteken. Det betyr at ein Rasmus - kanskje Torsteinsen? - var gift med ei dotter av Samund Farstad og Ingeborg Saxesdtr. Saxe Rasmussen var imidlertid oppfostra av morforeldra.Dei første frå Hurla (med lokal dativform: 'frå Hurrelne' eller 'frå Hørrelne')som er å finne i Haram kyrkjebok (frå 1689) er:1) Anders Olsen, gift med Anne Olsdtr Farstad(?) i 16902) Ole Aachesen gift med Birgitte Lauritsdtr. i 16913)Giertrud Aachesdtr. 1659 - 16994)Aache Olsen gift med Anne Pedersdtr i 1698Åge, Åke, Hågen er namn som elles ikkje finst i Haram på den tida. Ågne, Hogne finst hyppig i etterslekt etter Hogne Johannesen Huse/Hardnes, (Synes-ætt), men det ser ikkje ut til at dette har blitt til Åke.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Jonson Dale

Ivar Bugge sin artikkel sto i årsskriftet 1979. Dersom referatet hans fra Holsbødommen 1605 er rett, ser det ut til vi kan sette opp ein slik sammenheng:Etter eit dokument utferda i Veøy 1526 levde då ein Torstein Rasmusson på Hurla i Haram; han fikk prov for at han var eigar av garden Osen. I eit anna brev, også fra 1526, fikk han prov for at han eigde garden ''Indergjerde''. I eit tredje brev, utan år, men mykje yngre, stadfesta Anders Nilsson Dalset, Anne Nilsdt Rødven, Ingebrigt Olson Berg og Ola Olson Hammervoll at dei hadde selt jordpartar, som dei hadde arva, i Nes, Røsberg, Indegjerde, Ullaland og Osen til Anders Torsteinson; seljarane er rimeligvis barn og svigerbarn til veøypresten Nils Knutson og kona Gurid Rasmusdatter (som 1547 kjøpte eit kyrlag i garden Rødven av ekteparet Ranveig Andersdatter, frenka til Gurid, og Olaf Fridekeson).Det er klart at det må ha vore slektskap mellom Torstein Rasmusson 1526 og presteparet i Veøy, og kanskje var Torstein bror til Gurid Rasmusdt, men det står ingen stad. Og det står heller ikkje at dei var av Rike-Torstein si slekt, slik Bugge skriv.Anders Torsteinson Hurla, som levde 1605, var rimeligvis bror til Rasmus Torsteinson Farstad, og det er ikkje umulig at dei var sønene til Torstein Rasmusson nemnt 1526. Av det jordegodset Anders Torsteinson kjøpte i andre halvdelen av 1500-tallet som let seg identifisere 1647, eigde Tomas Longva i Haram m.a Røsberg og lensmann Kjøstel (Erikson) Eikrem i Bolsøy både Nes og Ullaland; disse kan vere arvingar etter Anders.Gardane Anders Torsteinson eigde ser i stor grad ut til å ligge nær dei gardane som Claus Tomasson på Mjelve eigde 1647 (kring Fannefjorden), og det er derfor mulig at dei kan ha vore del av eit eldre Mjelve-gods.Så vidt eg har sett er det ingen grunn til å kople dette komplekset til odelen i Nesje; og kva Kane har i dette bildet å gjøre, forstår eg ikkje.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Jonson Dale

Takk for den nyttige lenka! Ivar Bugge sitt referat var dermed ikkje så verst, men han gløymte å nemne at Anders Torsteinson også kjøpte i Istad (der tre odelsbønder rådde 1647). Kjøpebrevet fra prestebarna til Anders ser også ut til å kunne tidfestast, i og med at det 1605 var ''IXX'' år sidan han hadde kjøpt godset, dvs 1583/-84.Bakgrunnen for Holsbødommen var at den griske og småkriminelle romsdalsfuten Jacob Pedersen (stamfar til Falch og yngre Munthe) hadde kjøpt noke som blei kalt ''Borgedals elv'' av Nils Bille, som i si tid hadde fått denne fra buet til lagmann Jørgen Pederson i Trondheim. Kva for elv var det tale om? Ho må jo ha lege nær Holsbøen. Kan det tenkast at Jørgen Pederson (av ætta som i andre greiner kalte seg Staur) eller kona, Gudrun Jonsdt Teiste, kan ha eigd arvegods kring Fannefjorden?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest John H. Aarønes

Etter O. Grüner: Holendertida i Romsdal er det trolig at Bordal-saga og Holsbø-saga er den samme.Den første eigaren av Bordal-saga skulle etter Grüner være Jørgen Pedersen, noen år før 1584. Den gangen var det 2 Bordals-sager.Etter Jørgen var Jacob Pedersen eigar, også da 2 sager. Utpå 1600-talet vart det visstnok berre 1 sag, og sagmeisteren skreiv seg for Holsbø.Bordalssaga vert elles rekna som den eldste saga på desse kantar ifølgje O. Grüner.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.