Gå til innhold
Arkivverket

[#24886] Gard Enevold - Oppslag i bygdeboken for Hyllestad, S&F


Gjest Barbara Lose
 Del

Recommended Posts

Gjest Barbara Lose

Anne Olsdatter Einevold, enke etter Erik Jonsen Øvre Askevold, døde 1725 i Askvoll, 77 år gammel. Er hun datter av Olle Erichsen på Enevold, 82 år g. i 1701? LenkeNoen som har tilgang til bygdeboken for Hyllestad og kan fortelle meg hva som står der om Olle Erichsens familie?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gisle Hersvik

Einevollen:III. Bottolf n. som brukar 1621-58. Kona ukjend. Magnhild er dottera deira.IV. Magnhild Bottolfsdtr. f. ca. 1628 d. 1699, gift m. Ole Eriksen f. ca. 1614 i Sundbotten, d. etter 1701.Barn vi veit om:Av barna deira veit vi om: 1. Ragnhild f. ca. 1648, gift med enkjemann Bottolf i Ytretfjorden2. Mikal f. ca. 1649, gift med enkja Margrete Johannesdotter i Lia3. Anna f. ca. 1652, gift med Erik Janson, øvre Askvoll, han vart lensmann i Askvoll skipreide4. Anders f. ca. 1654, gift med Synneve Nilsdotter Kolgrov5. Gjo f. ca. 1656, gift med enkjemann Knut Olson Kiberg i Askvoll6. Erik fekk gardenDå kona Magnhild døydde i 1699, var det eit etter forholda velståande bu på Einevollen. Det var verdsett til 51 riksdalar (eit kuverd var då ca. 2.5 riksdalar). Her var inga stor gjeld heller. Enkjemannen Ole fekk først velje kva han ville ha av buet. Han tok då ei sokalla dyneseng, åkle og 2 kvitlar. Vidare ei gryte med skjerding, ei kiste med lås, eit sildegarn (som skulle delast ved hans død), 2 kyr, i fjornaut, 2 sauer med lam og 2 geiter med kje.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gisle Hersvik

Vidare om sonen som overtok:V. Erik Olson gbr 1699-1739, f. ca. 1658 d. 1740. Første kona ukjend. Gift igjen 1699 med Barbro Ivarsdotter f. ca. 1671 d. 1718. Gift tredje gong 1719 med Magdeli Johannesdotter Nes f. ca. 1684 d. etter 1741.(Gi beskjed om du ønsker meir info om borna)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gisle Hersvik

Sundbotten, Bruk 1:I. Erich gbr. ca. 1608—60, f. før 1685 truleg på prestegarden i Askvoll. Kona ukjend.Barn1. Dorthe, gift kring 1639 med Michel Johanneson2. Anders f. 1614, gift kring 1641 med Brithe Olsdotter Hovlandsdal.3. Størk f. 1618, gift i 1656 til Gjerde, Hyllestad4. Ole f. 1624, gift kring 1656 med Magnilde Bottolfsdotter Einevollen.5. Halfrid fekk garden.II. Haldor Iverson gbr. ca. 1660—1678, f. 1628 d. 1678. Gift kring 1656 med Halfrid Erichsdotter Sundbotnen f. før 1630, d. kring 1670. Gift igjen kring 1670 med Alis Pedersdotter Buttedal bruk 1 i Fjaler f. 1636 d. 1709.(Gi beskjed om du ønsker meir info om borna)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Barbara Lose

Tusen hjertelig takk for utførlige svar!Bare et spørsmål til: 'kvitlar' og 'skjerding' finner jeg ikke i ordboka mi. Hva er det?Mvh. Barbara Lose

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gisle Hersvik

Er ingen ekspert på dette, men trur 'kvitlar' betyr teppe.'Skjerding' (fann ei forklaring her: Lenke):I eldre tider var det, i staden for omnar, gruer der ein fyrte under gryter, eller kjælar, som hang i store skjerdingar. Ein skjerding var samansett av to flate jernstenger. Den eine var breid med ein stor krok i eine enden, tett med hakk langs kanten og med ei hempe på sida i den andre enden. Den andre stanga, noko smalare, som gleid gjennom hempa på stanga med hakk i, hadde i øvre enden ei lykkje som kunne bevega seg om ein tapp, og som høvde inni hakka. Denne glidestanga enda nederst i ein mindre krok. Øverst i grua gjekk det ein solid stokk tvers over grua, gjennom murveggene på begge sider, og i denne stokken hang skjerdingen etter den største kroken. I kroken på glidestanga hang gryta som då kunne skyvast opp og ned i hakka på skjerdingen, frå eller mot elden, alt etter kor sterk varme som trongst.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Barbara Lose

Mange takk for forklaringen. Jeg tror jeg har sett en skjerding i noen museum. Jeg ser at jeg har også Gjø Olsdatter Einevoll, g.m. Knut Olsen Kiberg, i anetavlen min. I Askvoll bygdebok folket IIb står bare 'f. Ole og Magdeli Botolfsdtr'. Nå er spørsmål om denne Ole også besvart :-)En fin sønndag til deg! Barbara

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.