Gå til innhold
Arkivverket

[#25098] Gjertrud Monsdotter i 1801 gastgjevarske i Kinn - kven var ho?


Gjest Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Folketeljingi 1801 for Kinn i Sunnfjord syner at:Gjertrud Monsdotter, 52, enkje, var gastgjevarske på garden Kinn. Ho hadde ein son:Ole Henrikson, 13~~~~~~~~~~Ei Gjertrud Monsdotter var fødd i Hafslo kring 1753 som dotter av husmann Mons Erikson Lundshaugen og kona Britha Pedersdotter. I 1763 vert John Aabølle i Årdal oppgjeven å vera formyndaren hennar, men er finn ikkje Gjertrud att korkje i Hafslo (Luster) eller Årdal. Kan det vera ho som flytte til Kinn?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...
Gjest Leif Øren

I fylgje Naustdalssoga bd. I side 766, var Gjertrud (Gjertrud Maria) dotter til Mons Rasmusson (1720-1772) og Sofie Jakobsdotter Krag (1716-1776) på garden Naustdal bnr. 4.Ektemannen til Gjertrud var sannsynlegvis Henrik Olsson f. 1732. Han var sonen til Ola Monsson (1692-1741) og Brita Madsdotter (????-1755) på garden Naustdal bnr. 1, jf. same Naustdalssoga side 759.Henrik og Gjertrud må derfor ha vore tremenningar.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Leif for nyttig svar på denne forespørsli mi. Då ser det med andre ord ut til at Gjertrud Monsdotter i Kinn ikkje er identisk med den Gjertrud Monsdotter som eg leiter etter, eller, som John Kerry ville sagt: 'back to square one'!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.