Gå til innhold
Arkivverket

[#25175] Nytt søkesystem III


Gjest Anette Skogseth Clausen
 Del

Recommended Posts

Gjest Tore Turøy

Eg må berre leggja inn nokre kommentar til det som har skjedd dei siste to- tre vekene.06/10 la Jan Oldervoll inn ein ny versjon av søkeprogrammet nesten uten eit einaste forvarsel. Ein kan trygt sei at han hoppa uti på djupt vatn i trygg forvissing om at han ville koma i land.Eg må innrømme at eg var ein av dei som ikkje reagerte heilt positivt på å verte overraska på denne måten.Sjølv har eg brukt data sidan tida med holkort, magnetband, dos og windows eller kva det måtte heite…, og vore med på den rivande utviklinga som har vore. Det er ikkje alltid like kjekt å få installert ein ny versjon av eit dataprogram. Når ein endeleg har lært seg å bruke eit program og byrjar å like det, så kjem det ein ny versjon og ein må lære seg nye ting. Dessutan ’funkar’ ikkje alt som det skal lengre.På meg verkar det som det nye søkeprogrammet etter kvart byrjar å fungere som det skal. Forbetringspotensiale vil det alltid vere, men eg vil med dette uttrykkje mi beundring for det som Oldervoll og dei andre i DA gjer for oss som brukar dette utruleg gode verktøyet.Den utviklinga som har vore er utruleg bra og eg håper det vil halde fram. Eg har stor tru på at vi brukarar vil ha stor nytte av det nye programmet og mistenkjer Jan Oldervoll for at det er det som er motivet for nyvinninga.Tusen takk.Tore Turøy

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jan Oldervoll

Takk for gode ord, Tore.Det har vore nokre interessante veker, og sikkert plagsame for mange. Men slik eg såg det var det naudsynt å laga ein ny versjon av søkeprogrammet. Det gamle er sju år gamalt og har vore fiksa, ordna og utvida gjennom desse åra. Resultatet er at det heile vert nokså uoversiktlege. Eg kan nemna at det nye, som kan meir, er mindre enn halvdelen så langt som det gamle. Ein tørde knapt gjera noko i det gamle, fordi ein ikkje visste kva konsekvensar det fekk andre stader. Og i tillegg var strukturen slik at den eigna seg dårleg for mangt av det me no ønskjer det skal gjera.Eg visste også at då det vart sett i drift ville me få ein periode med mykje forandringar, og ein del som ikkje gjekk som det skulle. Den viktigaste grunnen til dette er me har brukarar me ikkje kjenner (anna enn her) og ikkje veit korleis dei brukar programmet. I tillegg er dei svært ulike når det gjeld it-kunnskapar og røynsle, og i utstyr. Me hadde sett av ei veke til dette. Det meinte me var rikeleg, fordi progammet var solid og fungerte greitt, uansett kva me prøvde på.Men så var det noko me hadde gløymt; gamle bokmerke. Dei måtte sjølvsagt fungera og det gjorde dei ikkje. Eg skjems over at me ikkje tenkte på det. Men oppdaga det sjølvsagt første dagen. Problemet var at dei to systema hadde i utgangspunktet heilt forskjellig måte å handtera lenkjer til personar på. Dermed var ikkje systema kompatible bakover. Dermed måtte det heile leggjast om. Det gjorde eg på ein føremiddag for nokre veker sidan. Men problemet vart då at ein gjekk frå eit gjennomtesta programm til eit som ikkje var det. Eg vurderte å gå attende til det gamle medan me testa ut det nye, men vurderte det slik at me ville kunna få det stabilisert på nokre dagar og at det var betre å ta det med det same. I ettertid kan ein kanskje sei det var ei feilvurdering. Men eg er faktisk ikkje sikker. Mykje av trøbbelet de har hatt ville me aldri ha kunna oppdaga på eiga hand. Og eg er faktisk ganske stolt av programmet; sjølve søkemaskinen har ikkje gått i feil ein einaste gong på desse vekene.Så no er tida kom til utviding. Hakesøk er alt kome; det hadde ikkje det gamle. Og fleire ting som vil gejra det lettare å finna det ein vil ha skal koma etter kvart. Det er også mykje trivlegare enn å retta opp ting som ikkje går slik det var tenkt.Og til sist vil eg takka for all god hjelp i desse vekene.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Davidsen

Eg er særs nøgd med det nye systemet. Då eg las 'ramaskrikene' sist helg, gjekk tankane attende til det fyrste utlegget av 1801-teljinga. Det var ei god gamaldags landevinding; no er vi på ferd ut i rommet. Men eg valde å halda kjeft, for eg var viss på at dei sjølvoppnemnde flogvita ville få svar på tiltale.Framleis er det likevel noko rusk å sjå på. Når eg i 'Databaseveljaren' vel 'Heile landet' og 'Alle kommunar' kjem berre dei to vindauga opp hjå meg, ingen ting under.Elles kom eg tidlegare i dag (går) av ein eller annan merkeleg grunn inn i det gamle menysystemet. Men då eg der valde kommune, kom eg direkte inn på rett plass i det nye. Eg hugsar ikkje korleis eg klarte å finne det gamle; no gjer eg i alle høve ikkje det. Men det må ha vore anten i samband med folketeljingar, emigrantar, fødde eller døde. Skjer det på nytt, skal eg merke meg korleis.Når eg likevel nemner det, er det avdi det gamle systemet hadde eit opplegg med listing av område/kommunar som kunne ha basar med data frå andre område/kommunar. Eg reknar med at noko slikt òg kjem i det nye systemet med tida. Eg skal ikkje mase på det, men det er svært nyttig for dei som ikkje er lokalkjende og veit kva kommunar som er slegne saman osb.Lukke til vidare; eg er viss på at dette er eit stort framsteg.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jan Oldervoll

Då eg skulle flytta over systemet med å visa kommunane etter dagens inndleing oppdaga eg at det var så store manglar med det at me valde ikkje å ta det med. Og skal me gå inn i kvar database og gjera det manuelt blir det rett og slett for mykje for oss.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Davidsen

Eg skjøner problemet, men like fullt er det der for dei som ikkje er lokalkjende. Eit godt døme eg råka ut for hin dagen: Eg skulle sjå om eg fann ein kar død som i følgje ft1900 budde i Alversund. Alversund er lista opp mellom kommunane i Hordaland, men under det namnet finst berre dei basane som har Alversund i namnet (2-3 stk.). Derimot finst det ein base over døde i Meland under Meland (som òg dekkjer gamle Alversund). Der fann eg sjølvsagt karen.Som sagt, eg vil ikkje mase om dette. Men på eit eller anna vis bør det i framtida kome ei liste til hjelp for dei som ikkje er lokalkjende - det hadde i alle høve vore kjekt ...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aase R Sæther

Akkurat dette med geografien har eg tenkt på óg. T.d. rundt dei vestlandske fjordane er det knapt ei kommunegrense som ikkje har endra seg med åra. Så å få tilbake den gamle lista i ei eller anna form, ikkje nødvendigvis lenka til søkeverktøyet, men som eit oppslagsverk - ? Der var sikkert mange feil, men dei skulle vi greidd å hjelpe til å luke ut, vi som er 'innfødde' i kvart område.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jan Oldervoll

Eg har det i og for seg laga også i det nye systemet. Men eg vil gjerne ta ein liten runde testing før eg slepp dåke til for å ver a sikker på at de i alle høve får dei opplysningane me har. Men det må bli i neste skift, så ut på kvelden skal det vel bli ei råd.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jan Oldervoll

No sette eg i drift ein ny funksjon som skal gjera trongen for å bruka back-knappen mindre.La oss sei du er interessert i Laksevåg og søkjer etter laks. Der finn du flerire databasar og klikkar deg inn i ein av dei. Om du i denne databasen klikkar på databaseveljaren vil du då koma attende der det er søkt etter laks, og du kan sjå på neste database.Det same gjeld om du har valt t.d konfirmerte; du kjem tilbake til dei konfirmerte.Men hugs å sjå litt lenger ned på skjermen. Der er det ein knapp som heiter 'Opphev alle val'

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Astrid Ryen

Ja, her skjer det stadig nye ting.En kommentar til Aases innlegg (106). I DIS-Norges genealogiske ressurser finner i hvert fall jeg svar på de fleste spørsmål angående 'geografien' - hvor man skal søke etter hva i de ulike perioder.Jeg vet det går en peker dit fra Nyttige lenker, men var det ikke en tanke å gjøre dette uunnværlige hjelpemiddel noe mer synlig her i DA enn det er nå?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Tor Andersen

Det funket bra.Nytt (?) problem: I Gravlagte i Bg 1881-1911 søker jeg etter Johan* Johan* og finner 127. Dersom jeg f.eks. velger Dødsdato så får jeg opp listen og velger la oss si 5 aktuelle datoer. Etter Søk står disse datoene listet i stedet for B og C boksene.Hva skal jeg gjøre dersom jeg ikke fant personen blant disse 5, og vil endre fra Dødsdato til Bosted? Dvs beholde Johan* Johan*.Jeg prøvde nå en ting til og det er å gi bopel i nytt søk. Da fikk jeg liste over alle døsdatoer og deretter alle bosted. Dermed fikk jeg mulighet for å velge bort dødsdato igjen.Kanskje slett siste (del)søk hadde vært bedre.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jan Oldervoll

Eg veit om problemet med sletting av alle termar. Eg har tenkt ut forskejllige løysingar, men vil gjerne ha litt tid på å tenkja ut kva som er den beste. Det skal nok koma om ein dag eller to.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Andreas Snildal

Databaseveljaren: Fylke=Troms, Kommune=1938 Lyngen, Kjedekategori=Alle Kategoriar, Tidsperiode=Alle periodarJeg får opp under 'Folketeljingar og manntal' 'Manntall 1663-66 for Lofoten, Vesterålen og Senja' - et manntall hvor Lyngen ikke er med. Ingen andre folketellinger eller manntall listes opp!Heller ingen kirkebøker kommer opp, kun 'Emigrantar, bergen etter kommune' og 'Skifte, skifteprotokollar'.Her er det nok en feil - det finnes adskillig kirkebøker og folketellinger for Lyngen i Digitalarkivet. Tilgi meg dersom dette problemet er tatt opp tidligere.Mvh. Andreas Snildal

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jan Oldervoll

Eg gjorde eit forsøk på å sparka i gang utplukk etter dagens grenser. Det fekk konsekvensar. Det er blitt fjerna og alt fungerer att. Eg skal ikkje prøva meg på dagens grenser før eg er HEILT sikker på at alt fungerer.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Andreas Snildal

Flott! Databaseveljaren er genial.Jeg nevnte såvidt at 'Manntall 1663-66 for Lofoten, Vesterålen og Senja' kommer opp under manntall og folketellinger. I DAs oversikt ser det ut som om dette manntallet dekker alle dagens kommuner i Troms fylke. Men det er ikke tilfelle (i alle fall ikke i DAs avskrift). Så vidt jeg kan se, er ikke områdene som senere kom til å utgjøre Tromsø fogderi ikke med i dette manntallet. Dette er Balsfjord, Tromsøsund, Tromsø, Karlsøy, Lyngen, Skjervøy, Nordreisa og Kvænangen.Kan du gjøre sånn at 'Manntall 1663-66 for Lofoten, Vesterålen og Senja' ikke kommer opp når man søker på disse kommunene/sognene?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jan Oldervoll

Eg kan ikkje. Dette er noko for nøyaktige damer som kan gå inn og forandra i databasen vår over databaser. Anette og Bente snakkar om det dette er eit problem som gjeld ein del kjelder; manntala, men også t.d tingbøker. Eg er sikker på at det kjem seg etter kvart. Men eg tenkjer det er betre at dei kjem opp litt for mange stader enn litt for få.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Berit Knudsen

Oppdaget etterpå at nå sitter jeg bom fast der i 1900. Prøvde å klikke på FT-er men blir bare sittende fast der også, og kommer ingen vei?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jan Oldervoll

Alt fungerer slik det skal hos meg. Etter trafikken å døma ser det heller ikkje ut som andre har problem. Men du har vel i alle høve Opphev alle val-knappen. Den er lur å bruka og lurare no enn før. Grønnen er at systemet hugsar tilstanden til databaseveljaren. Grunnen er sjølvsagt at når du har sett på ein av databsane du har funne kan det gjerne henda at du har lyst å sjå på ein annan. Då treng du ikkje lenger bla attende med back-knappen, du kan berre trykkja databseveljar og, vips, så er du der. Men resultatet er at om du vil børja å velja basar heilt på nytt kan det vera greitt å bruka Oppheva alle val.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Berit Knudsen

Jeg prøvde å skrive en tekst og henge ved lenka jeg hadde fått opp, men det vil ikke bli med i innlegget.Jeg har lært at jeg ikke skal bla lenger, og tror jeg er blitt ganske bra til det etter hvert. Og noe jeg passer på er å fjerne gamle søk, selv når jeg er ferdig med alle søk og skal over til noe helt annet.Lenka var: ....uib.no/cgi-win/WebMeta.exe?slag=vismeny&katnr=1&emnenr=5Jeg får fylkene og kommunene, men jeg skulle ha skipstellinga.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jan Oldervoll

Nede på sida du no har finn du ein knapp Opphev alle val. Trykk den og du vil ha nullstilt alle søkekriteria dine.Elles kan du sjølvsagt også bruka søkeboksen. Det er det enklaste.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Berit Knudsen

Tror du misforstår meg på en eller annen måte eller jeg klarer ikke å forklare godt nok.Det er ikke noe nede på sida. Siden er blank foruten de 2 boksenen. Jeg må gå via FT for å slette alle valg.Prøvde på nytt og det blir bare verre og verre. Prøvde 1900 - 1999 og fikk da tydeligvis opp hele Norge for 1900 og det klarte ikke systemet. Det gikk helt i stå på VAgder tror jeg det var.Fikk opp Last ned fil: WebMeta.exe. Tjener: digitalarkivet.uib.no. Type: application/x-msdownload. Bilde av en gul trekant med ! inni -Åpne med: WebMeta.exe.Og det gjorde jeg ikke da jeg ikke aner hva det er for noe.Prøvde igen: 1) Alle områder= heile landet. Får de 2 boksene og absolutt ikke noe annet. Må igjen gå til en FT for å slette alle valg.Hvordan får jeg sett skipstellingene i 1900?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Berit Knudsen

Så en annen ting jeg lurte på. 1) dåp. 2)samme område. Har glemt en dåp og vil tilbake til dåpen, men nå står den ikke der. 3)Må da velge noe annet. 4)samme område. 5) dåp. Det er jo litt tungvint.Jeg prøver alt jeg kan for ikke å bla, men hva gjør jeg når jeg vil skifte sogn innen samme fylke. F.eks. Aker til Asker. Enten må jeg vel gå ut å velge på nytt eller bla.Jeg maser om dette da jeg nå har satt meg selv på skolebenken for å lære systemet.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aase R Sæther

Berit, kan du 'trykk for trykk' gje eit døme på kva du gjer når du får desse problema i nest siste innlegg ovanfor? Vi har sett tidlegare at det er lettare å finne ut av det viss fleire av oss klarer å kopiere feilen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.