Gå til innhold
Arkivverket

[#25175] Nytt søkesystem III


Gjest Anette Skogseth Clausen
 Del

Recommended Posts

Gjest Aase R Sæther

Om det andre spørsmålet ditt: Det er vel ikkje slik å forstå at ein aldri skal kunne bla tilbake. Viss du t.d. har valt feil kommune frå ei folketelling må det vel gå bra å bla tilbake. I problemstillinga di om dåp vil eg også tru det går bra, viss du fjernar søkeresultata på den sida du kjem tilbake til - eller?Elles var det fiffig med 'fjern hjelp'-knappen. Hjelpeteksten tok mykje plass i biletet, og når ein har lært funksjonane, var det greit å få vekk teksten.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aase R Sæther

Hurra, no fekk eg same problemet med dei to boksane! Eg gjekk til 1900 frå den blå linja. Valde 'heile landet' - dvs nederste valet. Då kom ein boks 'alle kommunane' opp, og elles er sida blank. Prøvde å trykkje på 1900 frå den blå linja igjen, men får då same biletet. Prøver å trykkje databaseveljaren og får same biletet. Oppdater-knappen - same resultat. Trykkjer på 1801 frå den blå linja, og kjem rett inn i eit 1801 som oppfører seg som det skal. Trykkjer 1900 igjen frå den blå linja og får same to boksane som sist.Er det valet 'heile landet' som lagar krøll?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aase R Sæther

Berit, eit konkret svar på spørsmålet ditt -- 'Hvordan får jeg se skipslistene'?Gå til databaseveljaren. Skriv 'skipsliste' i fritekstfeltet og trykk utfør søket. Då får du opp tre databasar med det ordet i, og du kan velje den du skal ha, altså 1900, og den funkar som berre det, i alle fall her hos meg.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jan Oldervoll

Eg skulle vera betre til å leggja merke til kva folk konkret skriv, i dette tilfelle Berit. Eg har tydlegvis ikkje testa Heile landet og utlandet, for dei går i nett den feilen Berit sei og som Aase har oppdaga. Det skal bli ordna, men eg tru ikkje eg orkar gjera det nett no.Medisin: Trykk på Lenke, eller rett 21 i fylkenr=21 eller 22til noko under 21. Og så skal det koma seg i morgon.Beklager, Berit, eg burde ha sett det.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aase R Sæther

Etter å ha arbeidd ein god del i DA siste par dagane må eg berre seie at eg er svært imponert over det nye søkjesystemet. Etter at diverse barnesjukdomar er tilbakelagt, er dette blitt ein utruleg god, praktisk og lettvinn reiskap, og eg ventar i spenning på kva fleire finesser som vil dukke opp. For min del ville eg sett stor pris på ein funksjon som kunne koke poteter mens eg leitar etter bortkomne slektningar.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jan Oldervoll

Det blir litt vanskeleg, Åse: Eg veit ikkje kva poteter du føretrekkjer. Men det eg trur er at om nokre dagar får du kanskje litt meir tid til å setja på potetene sjølv. Eg putlar med noko som skal gjera søkinga enklare for deg. Og så kan du lura på kva det måtte vera.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aase R Sæther

Eit lite spørsmål til - er den engelske versjonen av databaseveljaren langt unna? (Eg har registrert at somme slit med å finne fram i norsken). Dersom det er snakk om litt tid, kunne det kanskje vere ei mellomløysing at den som valde engelsk på framsida, vart orientert om tilstanden i dag og tidsperspektivet? Ikkje minst nye brukarar som kjem innom og finn berre norsk sjøl om dei vel engelsk, vil kanskje kjenne seg litt 'lost'?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.