Gå til innhold
Nasjonalarkivet

[#26114] Mari (1834) og Metchor (1877) Mathison - Hafslo - Texas - Bergen - Texas??


Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane

Mari Olsdotter (Hillestad), fødd i Hafslo i Sogn 10.10.1834, voks opp i Nordland, men gifte i Bergen 9.2.1868 med Torbjørn Mattisson (Kvestad), fødd i Ullensvang 19.3.1839. Torbjørn var skipstømmermann, men parfolket utvandra i 1868 til Amerika.Eg finn dei ikkje i FT1870, men i FT1880 er Torbjørn 'Thomas' Matterson jarnbanearbeidar busett i Travis Co., TX. Han er åleine, og ingen opplysningar ligg føre om ektestand.Ein son er fødd i Texas:* Metchor Theodor Mathison, fødd i Travis Co., TX 22.12.1877.I 1893 utvandra mellom anna frå Bergen desse to personane:~~~~~~~~~~33969 Bergen 2065 1893 Juni 15 Mari Mathisen f g Arbeiders Enke 1834 59 Hafslo Bergen Thingvalla33970 Bergen 2066 1893 Juni 15 Metchel Tommas Mathisen m ug forriges Søn 1877 16 Austun Bergen Thingvalla~~~~~~~~~~Av denne innførsli i passasjerlista går det fram at Mari og son hennar var busette i Bergen, og dette faktum får meg til å tru at kanskje Mari og sonen flytte attende til Bergen, kanskje før 1880, og at dei buidde i Bergen like fram til 1893. Men eg kan heller ikkje finna dei i FT Bergen 1891!Lagnaden til Mari etter 1893 er ukjend, men Metchor Mathison gifte seg i Texas i 1897 eller 1898 og flytte sidan til Yolo, CA der han døydde 15.5.1959.Er det nokon som kan hjelpa meg stadfesta om Mari og son hennar verkeleg var busette i Bergen, eller korleis dette heng i hop?Og kan nokon eventuelt finna ut meir om lagnaden til Mari og mannen Torbjørn 'Thomas' Mathison, ville det vore kjempebra! Kanskje døydde mannen i Bergen?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Gjest Lars E. Øyane

Ei ny opplysning er komi til meg i dag om denne Torbjørn ''Thomas'' Mathison: Eit barnebarn av sonen Metchor kan fortelja at oldefaren Tom var formann på eit jarnbaneanlegg i Texas. I denne funksjonen gav han ein gong ein arbeidar ''sparken'', og ikkje lenge etter tok arbeidaren ''hemn'' med å ta livet av Tom!Soleis veit me at Torbjørn døydde i Amerika, og truleg var det etter dette hendet at Mari kom attende til Bergen...?Eg vonar framleis på tips i denne saki!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.