Gå til innhold
Arkivverket

[#27822] Olaf Nikolai Melbø f. 1881 i ''Næs'' i Romsdalen - kvar er det? - Vartdal??


Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Olaf Nikolai Melbø, fødd i ''Næs'' i Romsdalen 12.6.1881, skal same året vera flytt til Bergen der han truleg døydde 6.12.1930. I 1900 budde han hjå mori Mathilde Melbø, fødd i Bergen 1850, og ein yngre bror Nils Melbø, fødd i Bergen 1884 (som eg ikkje finn døypt)!Garden Melbø finn eg i Vartdal i Romsdalen. Var Olaf Nikolai derifrå?Er det nokon som kan hjelpa meg identifisera fødestaden til Olaf Nikolai og samstundes fortalja meg kven som var far hans?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Mads Langnes

'Næs i Romsdalen' er vel truleg Åndalsnes/Veblungsnes i tidlegare Grytten herad; no ein del av Rauma kommune i indre Romsdal. Gardsnamnet Melbø finn ein også i dette heradet.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gisle Hersvik

Kan dette vere Peder Olsson (Melbøe) i 1865 ? [url="http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=f61539.wc2&gardpostnr=275&personpostnr=1541&merk=1541#ovre>LenkeForeldra til Olufine Mathile gifter seg i 1844: LenkeDei er Niels Monsson Froetvedt f. ca. 1813, Kirstine Olsd. Næss f. ca. 1816.Som også får ei dotter Rikke Benedikte, f. i 1857: LenkeI 1865 er Nils Monson oppattgift og familien held til her: LenkeAndre giftet til Niels i 1861: LenkeFørste kona hans dø i 1860:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Etter nokre timer med svevn er eg ganske so overvelda! Hjarteleg takk til Grethe, Carsten, Gisle og Mads for flotte og utfyllande opplysningar om huslyden til Olaf Melbø! Eg har fått greie på alt det eg treng! Brukarforumet har nok ein gong synt seg å vera, for å uttrykka det på vorarlbergisk vis, ''brutalt supert''!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.