Gå til innhold
Arkivverket

[#28101] Ingeborg Eriksdtr. Storstein, Sunnylven


Gjest Ivar Fylling
 Del

Recommended Posts

Gjest Ivar Fylling

I Sunnylvsboka II s 159 er Erik Kristensson Haugen gm Anne Mattisdtr. Frøysa. Barn nr 5 er Ingeborg, f ca 1750, og ho blir gm Lars Mattison Frøysa, Endre.Side 147 i same boka blir Lars Mattison Frøysa gm Ingeborg Eriksdtr. Storstein ca 1744. Ho må vere fødd ca 1720 eller før. Lars Mattison har ei søster, Anne, som er gift med Erik Kristenson Haugen.Kan nokon hjelpe meg med å oppklare dette? Er det ein Lars eller ei Ingeborg som 'manglar'?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Harald Ormbostad

Her er det åpentbart ein del feil, eller manglar. Lars vil vera onkel til Ingeborg, og Ingeborg ville ha hatt born fire år før ho var født. Det seier seg vel sjølv at det vil vera vanskeleg. Så her har nokon ei oppgåve å løysa.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Ivar Fylling

Det 'dukka opp' ei trykkfeilliste til denne boka, der det står (s 147) at kona til Lars Mattisson var Ingeborg Endresdtr. Storstein, (s 159) Det er inga Ingeborg blant borna til Erik Kristensson, (s. 163) Ingeborg Endresd. g.m.Lrs Mattison Frøysa. - Så det problemet var løyst før.Foreldra til Ingeborg Endresdtr.Storstein er Endre Larsson og Ingeborg Ivarsdtr. Frøsøye.Eg finn ingen Lars på Storstein (Ole hadde vore 'greiare'), og Ivar på Frøsøye har ei dotter Ingeborg, men ho er f 1740 og altfor ung til å vere mor til Ingeborg Endresd.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Tor Myklebust

Ingeborg Endresdtr Storstein (ca 1717 - 1794) vart i 1743 gift med Lars Mathiassen Frøysa. Ho var dotter til Endre Olson Storstein (ca 1677 - 1740) og kona Margarete Larsdtr f. Hellebostad (ca 1687 - 1745).Ingeborg hadde ei syster Eli Endresdtr som vart gift i 1740 med Ole Endreson Bjørdal. Dei budde først på Storstein sidan på Lille Ringdal. Deira eldste son Endre Olson f. 1741 var den som vart gift med Ingeborg Ivarsdtr Frøysøye.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.