Gå til innhold
Arkivverket

[#29467] Nils Pederson Drægni f. 26.01.1843 og Gjertrud Guttormsdtr. f. 28.03.1843?


Gjest Terje Aarland
 Del

Recommended Posts

Gjest Terje Aarland

Eg har fått desse opplysningane frå ei dame som har dette i slektsboka si i USA. Lite forstår ho kva det står og ikkje veit ho kvar dei kjem i frå, men alt tyder på at familien kjem frå indre Sogn. Ho har også nemnd namn som Yttri, Fortun m.fl. Denne dama ønskjer å fått oversatt det som står her, men eg veit ikkje kva 'husmann' og 'husmannsenke' vil kunne oversetjast med? Er det nokon som har info om denne slekta?NILS PEDERSON DRAEGNI, fra Eggjabakken under Fortun, var f. 26.1.1843 og d. som husmann pa Draegni 7.10.1921. Nills gifte seg 23.11.1865 med Gjertrud Guttormsdotter fra Guttormshaugen under Holemstad. Ho var f. 28.3.1843 og d. som husmannsenkje pa Draegni 7.12.1921. Dei vart altsa pa dagen like gamle. Nils og Gjertrud fekk plassen etter Nils Ellefson kring 1868 og vart buande her til dei begge fall ifra i 1921, men dotteri Ingrid heldt fram med plassen etter dei. Nils og Gjertrud i Draegnishaugen, og kalla

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Her ser me eit typisk døme på at opplysningar er ''plukka'' direkte or ei norsk bygdebok, utan at vedkommande har oppgjeve kjelde. Eg dreg kjensel på teksten frå Gards- og Ættesoga mi for Luster kommune, band I (1984) frå ein namngjeven husmannsplass under garden Drægni. I same boki (og i alle dei andre bandi) finn lesarane ei ordliste der dei vanlegaste ordi, deriblant husmann, er omsette til USA-engelsk! Og om dei leiter lite vetta, so finn dei òg fleire opplysningane om ætti, både attende i tid, mellom anna under gardane Fortun og Holmestad i same boki, og framover...!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Terje Aarland

Eg kjenner ikkje til om vedk. som eg har kontakt med har denne Gards- og ættesoga for Luster kommune. Uansett så ser det ut som ho har vanskar med å finne ut noko om slekta si. Så dersom nokon kjenner til denne slekta eller namna på borna til dette paret så hadde det vore fint. Vidare hadde det vore fint om det var mulig å få vite om der framleis er slekt att av denne slekta her i Norge?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

''Prestefolket'' Nils og Gjertrud Drægni fekk i alt elleve born, og det finst mange etterkomarar etter dei både i Noreg og i Amerika. Ei av døtrene, Anna, vart gift i Amerika med eldste bror til bestefar min, Nels L. Burke. Det er for omfattande å attgje heile denne ætti, men om du sleg opp i Gards- og Ættesoga for Luster, band I og dels i band II, so vil eg tru at du finn alt det du ønskjer å få greie på...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Terje Aarland

Takk for hjelpa. Kanskje du er i slekt med denne dama som eg har fått kontakt med? Skulle det vise seg at ho er ein av dine slektingar så hadde det vore fint om ho kunne ha fått kontakt med deg.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Eg kjenner godt etterkomarane etter Nels og Anna Burke; eg har treft dei fleste av dei, og dei er omskrivne i ei ættebok (''The Aaberge Family History'') som eg skreiv og fekk utgjeve i California for 30 år sidan. So eg trur nok at dama som du er i kontakt med, må ætta frå eitt av dei andre borni etter Nils og Gjertrud. Men du må gjerne referera ho til meg om du ønskjer det; e-mailadressa mi er: loya@online.noMed venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.