Gå til innhold
Arkivverket

[#29502] Marie Skaalnæs/Skaalnes, jordmor i Skånevik, Hordaland rundt 1888


Gjest Marie Skålnes
 Del

Recommended Posts

Gjest Marie Skålnes

I den nye databasen 'døypte i Skånevik sokn 1879-2005' finn eg Marie Skaalnæs nemnd som heimedøypar ved fleire tilfelle. Hjemmedøbt af Gjordemoder Marie Skaalnæs. Her er eit eksempel frå 1888: LenkeEr det nokon som veit kven denne namnesystera mi er? Eg finn ho ikkje under Skålnes i Skåneviksoga, og heller ikkje i folketeljinga 1900.Eg går utfrå at ho må vera frå Skålnes Ytre i sjølve Skånevik, ikkje frå Skålnes Indre i Åkre sok, der eg er oppvaksen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Marie Skålnes

Takk for svar, Kjellaug! Ettersom Marie har ein farfar som heiter Lambrigt, reknar eg med at han er frå Skånevik ytre, der Lambrigt har vore vanleg namn i mange gererasjonar. Mor hennar er Ådnesdatter; ho kan vera etterkommar eit Ådne som kom frå mitt Skålnes. Eg er litt i slekt med dei som bur på Skålnes ytre i dag. Ådne drog frå Skålnes Indre på 1700-talet. Ein av etterkommarane hans havna tilfeldigvis på Skålnes Ytre. Ådnenamnet forsvant i mi slekt, men har vore brukt i Skålnes, Skånevik heilt fram til våre dagar.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Marie Skålnes

Marie Skaalnæs sin familie står nok oppført under Tjella, der dei truleg også budde. Eg har funne forfedrane til både Marie/Maria og mannen Haktor langt tilbake i tid. Tippoldebarnet deira, Arne Tjelle, har lagt anene sine ut på nettet. Andre som ættar frå Skånevik kommune, både Åkre og Skånevik sokn, vil nok kunna finna opplysningar der.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Helga Kallevik

Hei Marie!Eg finn namnesyster di i 'Sunnhordlandslekter' bind 2 s. 37 'Skaalnes-grenen':XI c: Lars Lambrigtsen Skaalnes dy. f. 1802, død 1881. Han var første ordførar i Skånevik, forlikskommisær en tid også herredskasserer. Han fikk skjøte fra faren i 1820 for 50 spdl. . Gift 1825 med Mari Aadnesdtr. Øvre Sandvik f. 1799, død 1884 (se Bagge, Sandvik-grenen VIII a).Barn: a) Toren f. 1828 gm. Ole Olsen Tjeldflaat f. 1815 (se senere) b) Lambrigt Larsen Skaalnes f. 1832 c) Marie f. 1835 g. Sjur Haktorsen Vika-Tjelle (se senere) d) Aadne Larsen Skaalnes Stumo, f. 1838 (se senere) e) Anna f. 1841 død 1915 gm. Ole Gudmundsen Nedre Sandvik f. 1860 død 1940, barnløse.dette er direkte sitat frå boka. Kan ta med meir bakover og framover om du ynskjer dette.mvh Helga Kallevik

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Helga Kallevik

Lars Lambrigtsen dy var son av Toren Larsdatter Leknes f. 1777, død 1823, gift 1794 med enkemann Lambrigt Larsen Skaalnes, f. ca. 1740, død 1829. Han var først gift med Britha Sjursdatter Molnes og budde en tid på Tungesvik.Skaalnes var et skattlagt plass på 1pund smør under Milje, som Peder Christophersen Hjelmervik kjøpte i 1777 for 220 rdl. av sorenskriver Schiøtz. Lambrigt kjøpte det i 1786 av Peder for 340 rdl.Barn av Toren og Lambrigt:a) Brita f. ca. 1795, gm. Lars Mikkelsen Leknes, f. ca. 1791.b) Lars Lambrigtsen Skaalnes DE. f. ca. 1798, bodde på Tjelle i Skånevik, reiste til Amerika i 1840-årene, g. 1818 med Madela Rasmusdatter Molnes, f. 1797, død 1870 (Se Bagge Sandvik-grenen)Barn:1) Lambrigt Larsen Tjelle f. ca. 1818, død i Amerika i 1887, gm.Martha Andersdtr. Vake, f. ca.1826, datter Anne Malene f. 1846. Dessutan hadde Lars Lambrigtsen DE 7 døtre i Amerika.c) Lars Lambrigtsen Skaalnes dy. f. 1802.Så langt 'Sunnhordlandsslekter'.Ser at Lambrigt og Toren hadde to søner og begge med namnet Lars (Lars de og Lars dy). Dette er same 'fenomen' som tippoldefar min som også berre hadde to søsner og begge vart heitande Kristoffer. Det har vel samanhang med at både farfar og morfar skulle kallast opp, og når dei hadde same fornamn, måtte ein gi dette namnet to gonger. I vår slekt vart det 'Kristoffer i Amerika' og 'Kristoffer heima'. Kanskje ein kunne seia det same om desse 'Larsane' også....mvh Helga Kallevik

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Marie Skålnes

Takk for opplysningar, Helga!Også i mi slekt er det mange som har to born med same namn, der begge vaks opp. Siste eksempelet er syskena til begge bestefedrane mine, den yngste fødd for mindre enn 100 år sidan.Heime var/er det ei drøss av Lars Markhus. To av dei var brør; i tillegg kom far deira og sønene deira + andre slektningar. Måtte vera vanskeleg å halda styr på dei for postmenn, skatteinnkrevjarar og liknande. Det fantes jo ikkje personnummer.Mor mi hadde og ein vanleg namnekombinasjon, og ho hadde ei venninne og ei kusine som heitte det same, og sikkert ein del gamle slektningar. Mamma måtte ein gong betala skatten til namnesøstervenninna!Eg veit at bygdebokskrivaren og hadde litt problem i dei tilfella det var mange slektningar med same namn. Gjaldt det nyare tid, fekk han god hjelp av gamle nolevande slektningar.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.