Gå til innhold
Arkivverket

[#29545] Hans Andersen (Kalhagen), fødd i Luster 1836, matros i Stavanger og so kva??


Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hans Andersen, fødd på ein husmannsplass under garden Kalhagen i Luster 24.5.1836, flytte i 1863 til Bø i Vesterålen, men gifte seg i Stavanger 8.9.1864 med Maria Halvorsdotter frå Søler i Håland, fødd i Håland 1.9.1835. Hans Andersen var matros, og han og Maria vart buande i Stavanger, men det kan sjå ut som om Hans anten døydde eller forsvann i januar 1866, for i februar same året fekk han ein son, som vart oppkalla etter han. Den seinare lagnaden til kona Maria er ukjend. Me kjenner til to born etter Hans og Maria:* Anna Hansen, fødd i Stavanger 25.12.1864.* Hans Andreas Hansen, fødd i Stavanger 12.2.1866.Er det nokon som er i stand til å hjelpa meg finna att denne huslyden og kvar det vart av dei, ville eg setja stor pris på det!Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.