Gå til innhold
Arkivverket

[#29836] Pauline Marie Bertelsen f. Osøyri 1885 - kven var mori Henrikke Færstad??


Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Pauline Marie Bertelsen skal vera fødd på Osøyri i Os i Hordaland 20.11. eller 29.11.1886. Ho var dotter av banevoktar Bertel Johan Abrahamson Lund frå Lund i Os og Henrikke, som i 1900 vert sagt å heita Færstad og vera f. på Os i 1860.Eg finn ikkje noki høvande Henrikke på Færestad i FT1865 for Os! Er det nokon som kan hjelpa meg identifisera ho?Kan nokon eventuelt stadfesta fødselsdatoen til Pauline Marie?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Carsten Schanche

Hei Lars!Ved dåpen til Pauline Marie på FS den 1-12-1886 i Os er foreldrene nevnt som Bertil Johan Abrahamsen og Henrikke Kristofferdtr. Det er muligens Henrikke som er i Fuse 1865?Lenke

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Terje Hatvik

Henrikke (1860 - 1933) var dotter av skipper og husmann Kristoffer Heljeson Færstad (1832 - 1918) og kona Anna Torsteinsdtr. ytre Lekven (1838 - 1915), busett på plassen Vashaugen under Færstad i Os som Kristoffer overtok i 1866. (Før 1866 var huslyden kanhenda busette på Lekven?).Henrikke var eldst av i alt ti born. Henrikke gifte seg med Bertel Abrahamsen Lund i 1883.Bertel (1858 - 1947) var son av jakteskippar, treskomakar og gardbrukar Abraham Nilsson Halseth Lund (1819 - 1906) og kona Paulina Knutsdtr. Nilsen (1818 - 1910), busette på Lunden i Os som Abraham overtok i 1844. Bertel var den sjette av åtte sysken.Bertel (som ifølgje bygdesoga også dreiv med 'treskoarbeid og anna trearbeid') og Henrikke var bygde seg hus på Osøyro i 1896. Før 1896 var huslyden busette ein annan stad på Osøyro, mest truleg hjå farbror til Bertel; Gunnar Halseth. Pauline Marie, f. 1886, var den eldste jenta deira. Ho hadde sju sysken som vaks opp, fire døydde unge.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Terje Hatvik

Litt meir om far til Pauline:Bertel Johan Abrahamsen Lund (1858 - 1947) var, som ovanfor nemnd; banevoktar på Os. Osbanen mellom Osøyro og Nesttun vart opna for trafikk den 1. juli 1894, så denne 'yrkeskarrieren' tok venteleg ikkje til før etter dette.Elles var Bertel Johan (som allereie nemnd) tresko- og trearbeidar.Mvh, Terje

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Carsten og Terje for gode og utfyllande opplysningar om huslyden til Pauline Marie Bertelsen. So vidt eg kan sjå, so har eg no fått veta alt eg treng for mitt føremål!Nok ein gong ein stor takk for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Heisan, no var eg litt for kjapp på avtrekkaren! (Det tek til å verta seint ogso her på Geilo!) Eg manglar framleis stadfesting av fødselsdatoen til Pauline Marie. Var ho fødd 20.11. eller 29.11.1886? Kan einkvan sjekka dette for meg?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.