Gå til innhold
Arkivverket

[#30044] Erik Andersson Løland i Hyllestad (1756?-1836) - var han frå Ugulsvik i Hafslo?


Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Erik Andersson, døypt i Hafslo 17.2.1760, son av gardbrukar Anders Larsson på Ugulsvik og kona Synneva Eriksdotter, vart konfirmert i Hafslo i 1778 og forsvinn deretter frå bygdi!FT1801 for Løland ytre i Hyllestad syner ein gardbrukar Erik Andersson, 45 år, gift første gong med Johanna Endresdotter, 52 år, gift andre gong. FamilySearch seier at Erik og Johanna vart vigde i Eivindvik (Gulen) 20.1.1786.Bygdeboki for Hyllestad, bd. II, s. 431 fortel om Erik Andersson på Løland at han var fødd på Bruås kring 1752 og at han døydde på Løland i 1836. Eg er ikkje so overtydd om at dette opphavet hans stemmer(?).Erik Andersson er ikkje noko uvanleg namn, men kven veit; kanskje einkvan kan hjelpa meg identifisera denne Erik Andersson?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Davidsen

Eg ser han sit på garden saman med forfaren min, Anfind Anfinsson. Etter mine røynsler med den Hyllestad-boka, (og eg har funne mykje utover det som står der) ville eg ikkje tatt det som står i boka for sanning. Men det finst visst noko grunnlagsmateriale som siste bokstyraren har gjeve blaffen i. Men eg ville gått rett på kyrkjeboka. Der fann eg mykje meir enn bygdeboka kunne seie meg. Bygdeboka er, må eg seie det beint fram etter å ha lese mange slike, slett. Om lag like slett som Fana-boka.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Grethe Flood

Dette er vel helt på siden av hva du spør om, men datteren til Johanna Endresdatter fra første ekteskap, Marta Kolbeinsdatter, er 27 år i 1801, f.ca. 1774. I FS/IGI finner jeg denne:MARTHE COLBENSEN Christening: 04 NOV 1775 Gulen, Sogn Og Fjordane, Norway Parents: Father: COLBEIN LOLAND Men jeg vet jo ikke om dette er riktig person. Finner også en Marta Kolbeinsdatter f. 15.6.1775, Gaular, far: Kolbein. Men i og med at Johanne og Erik iflg. FS gifter seg i Gulen i 1786, er kanskje den første kandidaten den nærmeste. Finner også disse barna med far Kolbein Løland/Løeland: Rasmus, døpt 30.4.1763, Gulen Marte, døpt 13.7.1766, Gulen Kolbeinsen (Colbensen), født og død 8.12.1769, Gulen Anne, døpt 17.11.1771, Gulen – dette kan være Anne i 1801, 31 år, f.ca. 1770 [url="http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=f11411&gardpostnr=208&personpostnr=2921&merk=2921#ovre>LenkeHer er registering av skifte etter en Erik Andersen Løland, Lavik tinglag

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Grethe for interessant innlegg!Eg har ''sporenstreks'' sendt spørsmål til Arkivforumet om at dei undersøker skiftet etter Erik Andersson Løland, og då får me vonaleg svar på kven han var!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.