Gå til innhold
Arkivverket

[#30332] Asbjørn Torstenson og Peder Einerson - frå Sogn i 1809 til Aukra el. Bolsøy?


Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Haugianarane Asbjørn Torstenson og kona Britha Andersdotter var i fleire år gardbrukarar på Vedvik i Hafslo i Sogn, men selde garden i 1809 og flytte til Romsdalen, truleg til Aukra, der ei dotter var fødd:* Christi Asbjørnsdotter, fødd kring 1810Men etter kort tid i Romsdalen, i alle fall før 1816, flytte huslyden attende til Hafslo der dei vart husmannsfolk på ein plass under garden Lad. No er eg på jakt etter opplysningar om kva gard dei kan ha butt på og i kva prestegjeld dei var, medan dei oppheldt seg i Romsdalen.Eg er ikkje heilt sikker på det var i Aukra dei budde, for Asbjørn hadde ei søster som om lag på same tid flytte til Bolsøy:Rannei Torstensdotter, gift med Peder Einerson, flytte i 1809 (eller 1810?) til Bolsøy der dei var gardbrukarar på Meeg til dei våren 1813 òg flytte attende til Hafslo! Dei hadde ein son fødd der oppe:* Andreas Pederson, fødd kring 1810/1811.I tillegg til å finna ut nett kvar Asbjørn og Britha budde, er eg sjølvsagt òg interessert i nøyaktige fødsels- og/eller dåpsdatoar for Christi Asbjørnsdotter og Andreas Pederson? Eg finn ingen av dei nemnde på FamilySearch, men eg har ein mistanke om at det er eit hòl i kyrkjebøkene, i alle fall i Aukra, på den tidi(?).Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Grethe for innlegg. Jau, du har funne rette Christi, men kvar i Romsdalen er ho fødd? Skal me tru at Aukra er staden likevel...?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.