Gå til innhold
Arkivverket

[#30389] Ole Asbjørnson (Hafslo) g. Bergen 1823 m. Johanna Johnsdotter (Gloppen)- lagnad?


Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Ole Asbjørnson (Lahd), døypt i Luster 28.10.1796, men oppvaksen i Hafslo, flytte til Bergen som soldat og gifte seg der 3.8.1823 med Johanna Johnsdotter (Skindlo), døypt i Gloppen 2.10.1791. Ole vart sidan daglønar, og han og Johanna budde for det meste i Marken i Bergen, men etter dei i 1837 fekk det siste av i alt seks born, forsvinn dei utan at eg kan sjå kvar det vart av dei! Det underlege er at fem av dei seks borni vart buande i Bergen, men ein son forsvinn òg:* Andreas Olai Olsen, fødd i Bergen 24.4.1825.Kan forsvinningane ha ein samanhang? Eg finn ingen av desse personane i 1865! Kan nokon hjelpa meg?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aase R Sæther

Eg har arbeidd litt med denne familien i samband med etterslekt etter dottera Agnete (1832). Eg har notert 1852 som eit mogeleg dødsår for Ole Asbjørnsen, men av ymse grunnar kan eg ikkje finne bakgrunnen for det. Kan det til dømes vere han som er her?LenkeEg skal sjå om eg har meir.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aase R Sæther

Dei 6 borna eg har notert, er John 1823, Andreas Olai 1825, Berent Johan 1827-1830, Berte Johanne 1829, Agnethe 1832, Berent Johan 1835. Har eg oversett noko?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Aase for spennande innlegg!Først, når det gjeld borni, so har eg dei same, men yngste sonen Berent Johan var fødd i 1834, og han døydde i 1837!Eg har òg lagt merke til den Ole Johannes Asbjørnsen som døydde på slaveriet i 1852, men eg har vore svært i stuss p.g.a. mellomnamnet Johannes!? Og er framleis ikkje overtydd!Elles syner fødselsbasen for Bergen at ein Ole Andreas var fødd 2.3.1842 av foreldri Ole Asbjørnsen, bøkkerarbeidar, og tukthuslem Karen Gurine Olsdotter, men ved nærare ettersyn er n ok dette ein annan Ole Asbjørnsen, nemlig han som sidan gifte seg med Petrikke Caroline JonasdotterEg vonar at fleire opplysningar kan koma fram om dette parfolket og takkar nok ein gong for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Grethe og Aase for nye innlegg.Eg har ogso sett denne Andreas O. Olsen som i 1865 budde i Lyngdal, men eg fann vigsli deira på FamilySearch, og der er farsnamnet hans oppgjeve til noko heilt anna, som ogso synte seg å stemma med kyrkjebøkene i Bergen, so denne kandidaten kan me trygt sjå bort ifrå!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Elin for interessant innlegg! Eg trur so sanneleg du har funne rette Johanna i 1865, og dotteri hennar høver ogso bra! Då dotteri fær sonen Wilhelm Johan utanfor ekteskap i 1849, heiter ho til og med Bertha Johanne Olsdotter!!Då kan det sjå ut som Ole og Johanna likevel vart buande i Bergen, men dødsfallet hans er i alle fall ikkje innført der. Men kanskje det no kan lukkast å finna Johanna sitt dødsfall?Nok ein gong ein stor takk for god hjelp!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Grethe for interessant innlegg!Eg har ogso kikka på denne Johanna som døydde i 1874. Ho er over ti år for gamal, men ho er tross alt einaste alternativet, dersom ho verkeleg døydde i Bergen!Eg vil forhøyra meg i Arkivforumet om det finst ei dødsmelding etter ho!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.