Jump to content
Nasjonalarkivet

[#30391] Peder Randidius Rasmussen, f. Bergen 1843 - Knøsesmuget 33 i 1900 - og so kvar?


Recommended Posts

Guest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Peder Randidius Rasmussen, son av Noa Noason Rasmussen frå Nordfjordeid og Bertha Marie Ottesdotter, var fødd i Bergen 23.3.1843. Han gifte seg i Bergen 9.12.1866 med Christine Eriksdotter, fødd i Hafslo i Sogn 28.7.1841. Peder var tømmermann, og parfolket busette seg i Knøsesmuget 33 i Bergen der Christine døydde 20.12.1896. Peder budde framleis same staden i 1900, men var borte før 1910! Eg finn han heller ikkje avliden i Bergen mellom 1900 og 1910! Kvar vart det av han?Peder og Christine fekk tre born:* Peder Olai Rasmussen, fødd i Bergen 7.3.1867, døydde i Knøsesmuget 33 i Bergen 1.8.1896, sjømann, truleg ugift(?)* Marie Christine Rasmussen, fødd i Bergen 22.4.1869, døydde i Bergen 30.11.1876.* Marius Christian Rasmussen, fødd i Bergen 27.6.1875, vart i 1900 sagt å vera matros, men dei hadde ikkje høyrt gjete han på 6 år!Eg vil vera takksam for alle gode tips når det gjeld lagnaden til ikkje berre Peder, men ogso den yngste sonen Marius!?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Guest Hege Kvale
Guest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Hege for godt innlegg.Det ser nokso sikkert ut at denne mannen må ha heitt Peder Andreas og ikke Peder Randidius, men eg greier likevel ikkje å finna lagnaden hans i Bergen! Kvar vart han av?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.