Gå til innhold
Arkivverket

[#30472] Er det mogeleg å finna att Nicoline? USA emigrant forsvann i 1887.


Gjest Mariann Stokken
 Del

Recommended Posts

Gjest Helga Kallevik

Hei Mariann!Har du sett denne sida her? PLenke.Blar du nedover finn du søskena som dro til Amerika. Ingen fleire opplysninger om Nicoline, men der er opplysninger om kor det vart av begge brødrene og kven dei gifte seg med. Kanskje du kan finna Nicoline via desse? Eller ved å kontakta dei som har laga sida?Helsing Helga K.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Helga Kallevik

Hei igjen!Ser ikkje ut til at eg fekk den lenka til, men det var ei slektsida for Dragland familie som eg fekk opp ved å søkja på Nicoline og Dragland.Helga

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Mariann Stokken

Takk for responsen til Helga og Jan :-)Eg burde sjølvsagt ha fortalt at eg visste om denne slektssida. Det var ein forgløymelse, eg prøvde så mange gongar å leggja inn dette temaet, at eg gløymde det då eg endeleg fekk det inn!Venleg helsing Mariann

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Mariann Stokken

Nei, eg hadde ikkje trudd at dette vart enkelt, ho døydde kanskje allereide på veg til St. Vincent, og då vert det vel bortimot umogeleg å finna noko!Men eg prøver igjen, i von om at dei som har vore borte i helga er heimkomne :-)Kanskje nokon har eit tips om kva ein kan gjera for å prøva å finna ein tråd?Venleg helsing Mariann.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Laila N. Christiansen

Hei Mariann! Ved å gå omveien om brødrene kan det være mulig å finne Nicoline. Har du fått tak i obituaries for brødrene? Her kan Nicoline stå nevnt!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Mariann Stokken

Takk for responsen!Det er desverre ingen i familien som veit noko, det har alltid vore eit stort mysterium kvar det vart av henne. Difor hadde det vore flott visst det gjekk an å finna noko om ho. Ho drog frå brødrene, og ikkje høyrde familien i Norge noko, heller ikkje dei som var i USA.Venleg helsing Mariann

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Mariann Stokken

Nei, eg har ikkje lest nekrologane, men eg er ganske sikker på at barnebarnet til Daniel, (som har granska slekta i Amerika/Norge)hadde visst det visst Nicoline hadde vore nemnd nokon stad.Det er dessutan ikkje berre Arline som har forska på slekta, slik den lenka med slektstreet visar, eg har ringt til ein som har eit slektstre(og faktisk eit bilete av syster til Daniel og Mikkel + hennar familie) lagt ut på nettet, han visste heller ikkje meir.Men eg har iallfall sendt e-post til Arline med spørsmål om ho har sett obitane til 'gammal'onkel og morfar.Venleg helsing Mariann.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Mariann Stokken

Nekrologane er på veg til meg, eg har bestilt dei :-)Arline hadde aldri sett dei, eg var berre så sikker på det, sidan ho har gjort ein stor jobb med å laga slektssider for familien i Norge/USA.Men Arline lurar også på om Nicoline kanskje kan ha blitt verande der båten'stoppa', altså endemålet for båten.Det står at ho skulle til Emmerson, Manitoba, St. Vincent er like over grensa frå Emmerson.Eg har laga eit innlegg på Norwegian Heritage, kanskje det er nokon der som kan hjelpa.Venleg helsing Mariann.PS:Takkar iallfall for tipset om 'obitsane'!!!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 4 uker senere...
Gjest Mariann Stokken

Dette var ikkje enkelt! Nekrologen til eine broren var ingen nekrolog, berre ein dødsnotis. Den andre var ikkje mogeleg å finna noko på i det heile...Så dette er kanskje umogeleg å finna ut av?Venleg helsing Mariann.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...
 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.