Gå til innhold
Nasjonalarkivet

[#30500] Ingebrigt Pedersen/Melheim gift i Christiania 1902 med Augusta - lagnaden deira?


Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Ingebrigt Pedersen Melheim, fødd i Hafslo i Sogn 12.5.1863, gifte seg som dissentar i Paulus kyrkjelyd i Christiania 13.5.1902 med Augusta Andersson frå Högsäter i Elfsborgs län, Sverige. Ho skal vera fødd i Högsäter 30.11.1877. Augusta var syerske, medan Ingebrigt var leigegardeigar i Hesselberggata 7 i Christiania.Kan nokon med lokale kunnskapar i hovudstaden fortelja meg noko om lagnaden til dette parfolket? Kva ættenamn nytta dei? Fekk dei born?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Gjest Elin H. Skibenes
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Elin for kjapt og godt svar! Då fór altso dette parfolket til New York, og det ser jo ikkje ut til at dei hadde born i Noreg! Då vert det ei ny utfordring ''over there''!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Gjest Geir Kamsvaag Berntsen

Et liten ting; De var vel ikke 'dissentere' i vanlig betydning, han var medlem av 'norsk statskirke' - hun av 'svensk statskirke'. (Vielsen står riktignok oppført under 'dissentere'.)

Gjest Jan Peter Wiborg

Augusta Melheim ankommer 10. juli 1906, og reiser til Cleveland, Ohio, hvor hennes mann Ingebrit Melheim nå bor... :-)Ingebrigt (linje 25): [url="http://www.ellisislandrecords.org/cgi-bin/tif2gif.exe?T=K:\T715-0718\T715-07180066.TIF&S=.5>LenkeAugusta (linje 7):

  • 1 måned senere...
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Eg har visst gløymt å takka Geir og Jan Peter for dei siste innleggi under dette emnet, men gjer det no!Eg har derimot vore på leiting etter desse folki i Amerika, utan hell so langt. Eg ser ein Casper Mehlum/Melheim i Middlesex Co., MA 1910, 1920 og 1930, maskinist, fødd i Noreg kring 1864, utvandra i 1903. I 1910 og 1920 er han gift, men åleine, medan han i 1930 er enkjemann.Eg er interessert i alle tips og takkar so mykje på førehand!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

  • 1 år senere...
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Eg vil i kveld gjerne få turka litt støv av denne saki frå i fjor, som diverre framleis står utan løysing. Det er merkeleg korleis dette parfolket har greidd å gøyma seg i Amerika, men kanskje det er noko eg har oversett?Eg takkar på ny for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.