Gå til innhold
Arkivverket

[#30695] Theodina Thomasdotter Haukland, fødd 1860 - utv. til St. Paul, MN - kven var ho?


Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Eg er på leiting etter denne dama:Theodina ''Dena eller Tera'' Thomasdotter Haukland, oppgjevi fødd i Noreg 20.9.1860 (eller 1859?), skal ha utvandra til Amerika i 1875 og vart sidan gift med Sjur Rasmusson frå Hafslo i Sogn, i Amerika kjend som Sever Robinson, politimann i St. Paul, MN. Theodena døydde i St. Paul, MN 2.10.1912. Dei fekk åtte born i lag.Kan nokon hjelpa meg finna det norske opphavet til Theodina Thomasdotter Haukland? Namnet Theodina ser ut til å ha vore ein del nytta på Sørlandet, men eg kan ikkje sjå noki Theodina Thomasdotter i FT1865 som høver på alderen!Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

No vart eg skikkeleg imponert! Hjarteleg takk for framifrå innlegg av Carsten og Sigbjørn! Ikkje berre fekk Theodine ei dotter i Amerika med namn Elen, men når attpåtil FamilySearch fortel oss at Theodine Edvine Tønnesdotter er fødd 20.9.1860, den datoen som eg har frå Minnesota, då er alt berre ''fryd og gammen''!No er det igrunnen berre eitt spørsmål som står ope: Stemmer utvandringsåret 1875? Eg kan ikkje sjå at denne huslyden utvandra over Kristiansand!Nok ein gong ein stor takk for god hjelp!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Carsten for nytt innlegg!Desse opplysningane om utvandringi til Tønnes Haukland og resten av huslyden tyder vel på at Theodine er utvandra før, ja, det må ho jo vera, for ho gifte seg i juli 1882 i St. Paul, MN! Kanskje fór ho i lag med ein onkel eller ei tante... Men då treng me vel hjelp av bygdebøker frå Lund og/eller Sirdal, med mindre ho kan påvisast i FT1880...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Ein ny stor takk til Carsten! Ein kan jo ikkje vera 100% sikker, men det er sannsynleg at dette er same jenta! Eg ser ho hadde med seg ein namnlaus bror eller søster fødd 1869, og ser me attende både på FamilySearch og på utvandringi til foreldri hennar i 1882, so ''manglar'' det søsken som er fødde på den tidi!Då lyt me vel seia at problemet er ganske so ''løyst'' og eg takkar på ny for glimrande innsats!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.