Gå til innhold
Arkivverket

[#30721] Proventbrev i Bergen år 1302 , og eit komma til besvær


Gjest Leiv Magne Apelseth
 Del

Recommended Posts

Gjest Leiv Magne Apelseth

I Bergen søndag 20 mai i 1302 [url="http://www.dokpro.uio.no/perl/middelalder/regest_vise_tekst.prl?b=2282&s=&str=>Lenke gjev Bård Kåresson Munkeliv kloster 9 månedsmatsbol i Bruland og sin stue i Nedre Flo mot provent i klosteret . Bruland og Flo er garder i Utvik i Indre Nordfjord . Vitna til proventkjøpet blir skive slik i RegNorv : Bjørn Stazsin, Pål Skeiv og Øystein Raud , Bårds sønner , Ogmund Kampe og mange andre gode menn. Kan det tolkast som at Bjørn Stazsin, Pål Skeiv og Øystein Raud er Bård sine søner eller er Bårds søner unemnde ? Det er det kommaet mellom Øystein Raud og Bårds sønner som gjer meg usikker på tolkinga. DiplNorv kan heller ikkje hjelpe oss ser det ut til Lenke RegNorv har i allfall ført opp Bjørn Stazsin som ein Bårdsson i namneregisteret sitt (sjå der), men ikkje Pål Skeiv og Øystein Raud. Dette skaper også ein del forvirring . Om då ikkje Pål Skeiv er same karen som den seinare Kannik , Magister og Erkebiskop Pål Bårdsson

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Leiv Magne Apelseth

Uffa då ! Nedre Flo har sjølvsagt aldri vore ein gard i Utvik sokn i Nordfjord . Bruland er ein Utvik gard , men Flo-gardane ligg der dei alltid har gjort , nemleg på nordsida av Strynevatnet i Stryn i Nordfjord .

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 måneder senere...
Gjest Bjørn Jonson Dale

Bjørn, Pål og Øystein var Bårdssøner, for det er jo slik det står: 'Bionne Stazsin Pale skeif Østein raudhir Bardhar søner Omundir kampir oc mart annarra godhra manna'. Eit spennande funn, denne kildestaden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Leiv Magne Apelseth

Hei Bjørn Det er også mi vurdering at disse tre karane er søner åt Bård Kåresson og kanskje også sonesøner åt Kåre Torsteinsson som gav av same godset til Munkeliv 3 april 1301 [url="http://www.dokpro.uio.no/perl/middelalder/diplom_vise_tekst.prl?b=10490&s=22&str=>Lenke . Det var den måten RegNorv hadde satt saman teksten på som fikk meg til å lure på om Bjørn , Pål og Øystein var identifisert som nokon andre og at Bårds søner var unemnde. Bjørn Stazsin er kunn nemnd i det eine diplomet som omhandlar gåvebrevet åt faren Bård Kåresson i 1302 (sjå lenke i innlegg 1) , medan Øystein Raud og er nemnd som vitne her Lenke og her Lenke . Pål Skeiv er vitne her Lenke attmed broren Øystein Raud her Lenke og her Lenke (i samband med arvestriden etter Hr. Ivar Lodinsson i Gloppen). Eg arbeider for tida med å gjennomgå tilgjengeleg materiale ang. Erkebiskop Pål Bårdsson for å sjå om det kan være nokon kopling mellom han og Bårdsonen Pål Skeiv . Pål Skeiv er siste gang nemnd i 1305 og seinare erkebiskop Pål Bårdsson er første gang nemnd i 1309 men då som kannik

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Leiv Magne Apelseth

Kva dokument er det Seval har undra seg over ? At ætta på Bruland skal være noko sidegrein av Stårheim-ætta har eg ikkje funne noko indisiet på , men i og med at dei har eige i fleire gardar i indre Nordfjord heller eg meir mot at dei kan være renningar frå det konglomeratet av slekter som utgjer ''Sunnmørsættlegga'' . Fleire av namna i Bruland-ætta kjenner vi også att frå ''Sunnmørsættlegga'' . Når det gjeld tilnamnet raud(e) , så finnast dette i ''søkk og kav'' i mellomalderen utan at det finnast nokon som helst slektssamanheng mellom personane . Raud(e) er nok meir brukt for å identifisere einskild individ heller enn å identifisere ei slekt .

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 7 måneder senere...
Gjest Leiv Magne Apelseth

Stazsin og Stazcins ...Ein av Bård Torsteinsson sine søner hadde tilnamnet Stazsin (Bionne Stazsin). I arbeidet med å finne ut kva ordet Stazsin tydde, kom eg over denne teksten frå eit gåvebrev Erengisle Sunesson, Jarl av Orknøyane let gjere i 1360. [url="http://www.dokpro.uio.no/perl/middelalder/diplom_vise_tekst.prl?b=7515&s=220&str=Staz%>Lenke . På slutten av gåvebrevet står det: Til huilikis vittnisbyrþ jak beþis fore skællikæ manna incighlle stazcins j Kalmar- num, mins moþorsbroþor herræ Glysingx mins maghx Niclis Jonsson ok minnæ systor fru Mæreto Sunadottor meþ mino siælfs incighle . Kva tyde Stazcins i denne konteksten?RN har fylgjande tekst kring den delen av brevet som omhandlar beseglinga: Besegla av utf, morbroren herr Glysing, mågen Nikles Jonsson, systera fru Märeta Sunesdotter, og med Kalmars bysegl.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.