Gå til innhold
Arkivverket

[#30735] Anders Larsson Egge f. Gloppen 1831 og ætti hans i Bergen - kvar vart dei av?


Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Anders Larsson Egge, skal vera fødd på Egge i Gloppen 8.7.1831 som son av ein gardbrukar Lars Antonson og ukjend kone, gifte seg i Bergen 29.10.1871 med Anna Torbjørnsdotter, fødd i Marifjøra i Hafslo 13.8.1847. Anders var skomakarsvein, og parfolket vart buande i Bergen der Anders døydde 10.8.1876. Anna Egge livnærte seg sidan som reingjeringsassistent og døydde i Bergen 18.6.1903. Dei fekk to søner:a. Anders Bernhard, kjend som Bernhard Andersson Egge, fødd i Bergen 11.10.1872, døydde i Bergen 8.8.1900, ugift matros.b. Johan Ludvig Andersson Egge, fødd i Bergen 11.11.1874, er òg nemnd matros i FT1900, men eg finn han ikkje att i Bergen, korkje i FT1912 eller i dødsfallslistene.Spørsmåli mine:* Kan nokon hjelpa meg stadfesta fødselsdatoen til Anders i Gloppen? Fulle namn på foreldri hans og kvar (gardsnamn) dei var ifrå?* Kan nokon hjelpa meg finna att sonen Johan Ludvig Andersson Egge? Kanskje kjelder i Gloppen kan svara på dette?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars Ove Wangensteen

Hei LarsVedsøk i FT 1801 på Lars Antonsen, er det ingen som stemmer med alderen, men jeg fant denne karen her på FS som fullt mulig KAN være den riktige Lars:LARS ANTONSENChristening: 13 NOV 1825 Gloppen, Sogn Og Fjordane,Father: ANTONS OLSEN Mother: MARTE LARSDRMvh Lars Ove

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gisle Hersvik

Ein passande kandidat for Lars Antonsen finn vi på Egge i Gloppen ved FT1801, foreldre er Anton Larssen og Ragnhilde Børgesdtr.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Carsten, Gisle og Lars Ove for interessante innlegg!No veit me at Johan Ludvig Egge utvandra i 1906, og eg har funne han att i FT1920 og FT1930 i Brooklyn, NY, ugift båe stader.Elles er opphavet til Lars Antonson klarlagt, men utan at me veit konkret alder og jentenamn på Britha Johannesdotter, vil eg førebels lata spørsmålet om opphavet hennar stå ope...Og so var det berre fødselsdatoen til Anders då?Nok ein stor takk for nyttige opplysningar!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aase R Sæther

Lars Antonson Egge gifte seg 1825 med Brite Johannesdtr Egge (1798-1852). Ho var frå Egge nr 5, eit av nabobruka. (Lars var frå nr. 8). (Dei hadde også to andre søner i Bergen - Johannes, f.1827, politikonstabel, skal ha blitt drepen i Bergen, og Jakob, f.1840, snikkar).

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gisle Hersvik

Litt på sida:FT1865 Bergen, Anders og broren Jacob og kommande fru Egge (Anna Torbjørnsdtr.): [url="http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=f61301&gardpostnr=938&personpostnr=9699&merk=9699#ovre>Lenke og ein bror Johannes: LenkeAnders Egge i 1875: LenkeAnna Egge i 1885: Lenke og i 1891: Lenke, og i 1900: LenkeBroren Jacob i 1885: LenkePolitibetjent Johannes dø:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.