Gå til innhold
Arkivverket

[#30745] Jakob Thorson Egge, f. 1881, vegarbeidar frå Breim, Gloppen til Hafslo - og so?


Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Jakob Thorson Egge, fødd i Breim, Gloppen keing 1881, son av ein Thor Olson Egge, kom som vegarbeidar til Hafslo og gifte seg første gongen, dato og stad ukjent, med Kristina Olsdotter Marifjæren, fødd i Hafslo 14.1.1882. Ho døydde i Marifjøra 15.2.1910, og Jakob gifte seg att i Hafslo 10.11.1911 med Brita Johanna Pedersdotter Marheim, fødd i Hafslo 19.6.1888. Dei budde visstnok i Marifjøra i Hafslo, men Jakob vert borte, og 25.11.1921 gifte Brita Johanna seg att med Peder Larsson Øy i Marifjøra. Ho levde heilt til 23.7.1966 då ho miste livet ved ei bussulukke i Råumsberget i Luster.Er det nokon som kan fortelja meg kvar det vart av Jakob Thorson Egge? Eg kan ikkje sjå at han døydde i Hafslo, so han har vel vore på vegarbeid ein eller annan stad...? Eg ser heller ikkje noko til den sonen, eller kanskje det var ei dotter, han etter seiandes skal ha hatt med første kona si.Eg er ogso interessert i få greie på den nøyaktige fødselsdatoen til Jakob Thorson Egge og fulle namn på foreldri hans, samt yrkestitel og opphav. Og om nokon har sett noko til vigsli til Jakob og Kristina, er den opplysningi ogso av stor interesse!Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aase R Sæther

Foreldra til Jakob var Ola Torson Egge (1838-1928) og Agnete Sørendtr Egge (1837-1928). Egge var ein stor gard med mange bruk, så det var ofte ikkje nødvendig å forlate garden for å finne høvelege kone-emne.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Carsten og Aase for gode innlegg. Eg må ha oversett denne vigsli i Hafslo, men ingen tvil om at det er rette personar!Eit spørsmål til deg, Aase: Var Thor Olson husmann på ein plass under Egge (i so fall kva plass?) eller var han gardbrukar?Og framleis står spørsmålet om lagnaden til denne vegarbeidaren ope...?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.