Gå til innhold
Arkivverket

[#30759] John Johnson Berjem (1829-1883) - frå Gloppen til Bergen - huslyden hans?


Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

John Johnson Berjem, oppgjeven fødd i Gloppen 3.3.1829 som son av gardbrukar John Andersson på Berjem og kona Christenca Johnsdotter, flytte til Bergen der han 8.12.1851 gifte seg med Mari Johnsdotter Hovland, fødd i Hafslo i Sogn 26.6.1827.John Johnsen var handelsmann i Bergen, men me får aldri vita kva slag handel han dreiv med. Dei flytte ofte, men hamna til sist på Engen der John d. 3.10.1883. Marie Johnsen budde sidan i Nøstegaten i Bergen der ho d. som enkje 17.11.1913. Dei fekk fem born i lag:a. Anne Johanne Christine Johnsen, fødd i Bergen 1.1.1854, ukjend lagnad, men ikkje nemnd i dødsmeldingi til mori 1913.b. Johan Christian Johnsen, fødd i Bergen 14.4.1856, døydde i Bergen 21.6.1869.c. Marie Erikka Andrine, kjend som Erikka Johnsen, fødd i Bergen 24.2.1858, døydde som enkje i Bergen 18.2.1910. Erikka gifte seg i Bergen 8.3.1887 med Gabriel Theodor Gabrielsen, fødd i Bergen 16.7.1862. Dødsfallet hans er ukjend. Gabriel var dampskipsstyrmann, og han og Erikka budde i Bergen. Dei fekk to søner i lag.d. Cathrine Thomasine, kjend som Trine Johnsen, fødd i Bergen 1.3.1861, døydde i Bergen 6.2.1954. Trine var hushaldar og sidan husstyrar og budde i Bergen levetidi ut, ugift.e. Eline Jakobine Johnsdotter Johnsen, fødd i Bergen 3.6.1863, ukjend lagnad, men ikkje nemnd i dødsmeldingi til mori 1913.Kan nokon please hjelpa meg finna nokre av desse svari:* Stadfesta fødselsdatoen til John Johnsen i Gloppen?* Kvar (gardsnamn) hadde foreldri John Andersson og Christenca Johnsdotter opphavi sine?* Kva slag handel dreiv John Johnsen i Bergen?* Lagnaden til Anne Johanne Christine Johnsen?* Lagnaden til Gabriel Theodor Gabrielsen?* Lagnaden til Eline Jakobine Johnsen?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Hege Kvale

Hei Lars!Har funnet dette kansje det er derfor du ikke kommer videre.Er ganske så sikker på at sette er samme familie,menta en kikk på navnene her!LenkeNavnene er byttet om på noen det du har skrevet som første navn er andre her? Vet ikke om der er noe.Hege :)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aase R Sæther

Eg kan i alle fall hjelpe deg med foreldra til Jon, nemleg Jon Andersson Bergheim (1795-1876) (på bruk nr.2) og Kristense Jonsdtr Stokke, (1797-1873). Bygdeboka skriv at Jon og broren Anders dreiv feitevarehandel i Bergen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Hege og Aase for interessante innlegg!Når det gjeld FT1865, ser det ut til at fleire av namni er feilskrivne, men dette skal normalt ikkje ha noko å seia for dødslistene...(?).No er opphavet til John Johnson klarlagt, og ogso yrket hans i Bergen. Det står att å stadfesta fødselsdatoen i Gloppen samt å finna ut kva som skjedde med eldste og yngste døtrene og ogso svigersonen Gabriel Gabrielsen... Men desse jentene er vel kanskje ikkje so lette å finna...?Nok ein gong ein stor takk for hjelpi so langt!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Rune Thorstensen

Dette viser at Gabriel Theodor Gabrielsen må ha dødd mellom 1887 og 1891.[url="http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=berg1891&gardpostnr=28071&personpostnr=28071#nedre>Lenke. Kan det tenkes at her er gjort en feil.1891 tellingen viser at de fikk en sønn med samme navn i 1887.Men dette sier at den samme sønnen døde i 1887.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Rune Thorstensen

Ja, jeg ser det nå.Det innsnevrer mulige dødsår på faren med ytterligere ett år.Men han har muligens omkommet på sjøen.Jeg finner ham ikke blant de døde i Bergen 1886-1911. Mvh. Rune T.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Rune Thorstensen

Når det gjelder Christense Johnsdtr. finner jeg kun en i 1801 tellingen for Sogn og Fjordane når jeg søker på fornavn inneholder isten og etternavn begynner på Jo, og det er denne 4 år gamle jenta på gården Stokke. [url="http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=f11445.wc2&gardpostnr=109&personpostnr=2996&merk=2996#ovre>Lenke Og her er forøvrig Krestense og John i 1865 på Bergheim.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Rune Thorstensen

Og på en av de andre Bergheim-gårdene finner vi en Jon Andersen 5 år med foreldre Anders Jonssen og Catharine Olsdtr. som en god kandidat. Lenke I følge FamilySearch IGI giftet Jon og Christense seg i Gloppen 04.12.1820.Det kan kanskje være en ide å sjekke dette mot kirkeboka for å få bekreftet gårdsnavnene. Mvh. Rune Thorstensen

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Elin H. Skibenes

Det er vel Eline som døyr her:[url="http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=doed1881&gardpostnr=1462&merk=1462#ovre>LenkeLurer på om det er Anne som gifter seg her?:Lenke Om det er rett, er det vel ho som døyr her:Lenke Fødselsdatoen er ikkje heilt rett, men årstalet stemte.Lurer også på om det ikkje er John og Marie som får ein son, Johan Christian Nitter, i 1853. Lenke Han døyr same året, 1 mnd. gamal:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Rune, Gisle og Elin for framifrå innsats! Eg er imponert! Og eg som trudde eg hadde leitt godt nok...!No tek det til å minka på spørsmåli mine om denne ætti...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gisle Hersvik

Kan det tenkjast at det kan stå noko om dødsåret til Gabriel T. G. i evt dødsmelding etter kona Erikka Johnsen ?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Elin H Skibenes

Eg er byrja å tvila på om eg har funne rett Anne Johanne. Det er ei Anne J. som er født 8/5-54, og døypt i Nykirken.Det er vel mest truleg det er ho eg har funne.Når ho gifter seg, står det at ho er født i N.K.S., og det er vel Nykirken? Den Anne J. som du er på jakt etter,er jo født i Korskirken ser eg. Har leita litt vidare, men har ikkje funne ein kandidat som eg er sikker på.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.