Gå til innhold
Arkivverket

[#30775] Nils Johan Olsen (1795?-1856), omstreifande kopparslagarsvein - frå Askøy eller?


Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Nils Johan Olsen, truleg fødd kring 1790/95(?), omstreifande kopparslagarsvein, vart lyst for på Askøy 2.4.1816, men gifte seg i Hafslo i Sogn 20.10.1816 med Johanna Olsdotter Hagen (Kjørlaug), døypt i Hafslo 3.10.1790.Johanna var ikkje av omstreifarætt, men det m¨truleg Nils Johan ha vore(?). Dei streifa truleg i fleire år etter det vart gifte, men hamna til sist i Bergen. Nils Johan døydde i Bergen 17.7.1856, medan Johanna hamna på arbeidsanstalten i Allehelgensgate der ho døydde 29.7.1866. Dødsmelding til Nils Johan opplyser om at to born då levde, men me veit ikkje kven dei var, bortsett då ifrå det eldste kjendte barnet:- Anna Sophie Nilsdotter, døypt i Hafslo 5.9.1819, døydde som enkje i Bergen 19.12.1902. Ho gifte seg i Bergen 9.10.1842 med Anders Peder (Sørenson) Olsen, fødd i Bergen 6.4.1821. Han levde i 1865, men døydde før 1902. Eg har ikkje funne dødsfallet hans!? Anders Peder var sjømann. Dei fekk åtte born.- Nils Olai Nilsen (Olsen?), fødd i Bergen 1.12.1831, ukjend lagnad.- Andreas Nilsen (Olsen?), fødd i Bergen 23.3.1834, ukjend lagnad.Kan nokon hjelpa meg leira etter:* Opphavet til Nils Johan Olsen?* Dødsfallet til Anders Peder Olsen?* Lagnaden til Nils Olai Nilsen/Olsen?* Lagnaden til Andreas Nilsen/Olsen?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Berit Knudsen

Kan dette ha en sammenheng med Niels Olsen?Johan Andreas f. 4/11 1820 DK, Bergen. Foreldre Andreas Olsen kobberslager og mad. Pernille Dahl., adresse 11-34.Niels Olsen bodde vel i 11-201 da han fikk barn.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest John Aalen

Finner et barn av Niels Olsen og Johanne: 1832 12 Des 01 Jan 08 Niels Olai m Kobberslagerarbmd Niels Olsen 11-201 Johanne Christine Olsdatter, Domkirken i Bergen

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.