Gå til innhold
Arkivverket

[#31124] Berte Olsdotter av finneslekt?


Gjest Frode Myrheim
 Del

Recommended Posts

Gjest Frode Myrheim

I Hansstua-Løkja i Elverom sokn vart det den 16. juni 1777 heldt eit skifte etter den ugifte Berte Olsdotter. Det viste seg snart at det var vanskar med å finne arvingane hennar ettersom ho ikkje hadde etterlatt seg livsarvingar. Fastera (fars syster) var nemnt å vera Gunnill Jonsdotter som var avdød, men som hadde vori gm. Ola Kortstøa. Dei hadde ei dotter Else Olsdotter som var gm. Strømme Gunnersson på Helset i Elverom. Desse var også daude og hadde etterlatt seg 3 søner. Moster (mors syster) var Anne som var avdød og hadde vori gm. Henrik Matsson, også han daud. Dei hadde etterlatt seg følgjande born: 1. Morten Henrisson, nærmare 30 år og i teneste på Bekken i Elverom. 2. Anders Henriksson, over 25 år og i teneste hos Mats Olsson Flisberget. 3. Henrik Henriksson, litt over 20 år og verande i Solør. 4. Kari Henriksdotter, gm. Ola Matsson og verande i Siljuberget. I tillegg var det to mostere ved namn Lisbet og Berte som begge trulig hadde etterslekt m.a. i Trysil sokn utan at dei meldte seg. Det vart nemlig etterlyst i Norske Intellingenssedler 2. september 1778. Det vart også ført to vitne på tinget på Røne i Hof den 25.02.1778. Det var to eldre menn ved namn Ola Kjellsson Kvernhaugen, 77 år og Arne Kjellsson Glorvika, 84 år. Dei kunne begge huske over 50 år attende at ein Mats som budde på Kvernhaugen i Våle sokn hadde hatt tre systre som het høvesvis, Lisbert, Anne, og Berte. Lisbet og Anne hadde vorti ungedigre og flytta åt Finnmarka (Finnskogen). Og ein av desse skulle vera mora åt Berte som det nå var skifte etter. Ettersom Anne gm. Henrik Matsson er oppført som Bertes moster er det grunn til å tru at ho er identisk med systera åt Mats og dermed må det vera Lisbet som er mor åt Berte. Den før nemnte morbroren Mats hadde etterlatt seg sonen 1. Børge Matsson Holtekjølen med dotter Mali Børgesdotter som nå var i teneste hos elvefløytaren Hallvord Tane på Østre-Holmen i Hov sokn. sonen 2. Per Matsson Dellerud i Våle sokn. dottera 3. Siri Matsdotter, avdød gm. Børge Persson Ranum og hadde etterlatt seg dottera Eli Børgesdotter gm. Per Mekkelsson Melby (i Åsnes sokn?). Kven var så desse folka. Denne morbroren Mats er trulig identisk med den Mats Steffensson Holtekjølen som vart g i 1707 med Olo Olsdotter i Våle kyrkje og gra. 16.04.1747 som 60 år og med Holtekjølen som tredje namn. Er dette rektig må systrene hans ha vori, Anne Steffensdotter, Lisbet Steffensdotter og Berte Steffensdotter.Er det noen som veit noe meir om desse folka?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Turid Christiansen

Jeg har en Lisbeth Steffensdatter Vålberget i mine notater. Hun var datter av Steffen Steffensen Vålberget og Anne Thommesdatter Räisinen. Hun var gift med Johan Johansen Paso.Mvh Turid

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.