Gå til innhold
Arkivverket

[#31813] Straffeutmåling 1741 og lagnad


Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Einer Sjurson Wedvig, f. 1699, var gardbrukar på Vedvik i Hafslo då han i 1741 vart tiltalt i Hafslo for tjuveri. Domen lydde soleis:''Da Tyveriet ej er af 20 Lod Sølvs Værdi og han ej forut har været straffet, bør han udi Fængslet att miste sin Hud og desuden betale Tvigjeld og have sin Hovedlod forbrudt, samt udstaa Kirkens Diciplin''Buet hans vart ikkje skift, men mannen vert borte frå Hafslo på same tid, og me ser aldri noko meir til han her i bygdi! Kona og borni ser òg ut til å forsvinna, bortsett ifrå yngste dotteri (f. 1741) som truleg vart oppali hjå fosterforeldre, samt ei eldre dotter som busette seg på Amla i Sogndal.So er spørsmålet: Utifrå domen som Einer fekk, vil han då ha vorte innsett i fengselet i Bergen? Finst det kjelder i Bergen som i so fall kan stadfesta dette?Eg finn at ein Einer Sjurson, ''bondemand fra Sandvigen'', 70 år, vart gravlagd frå Krosskyrkja 17.3.1772. Kan dette vera same mann?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.