Gå til innhold
Arkivverket

[#31815] Kari Ludvigsdotter, trulova i Hafslo i Sogn 1721, kvar i all verdi kom ho ifrå?


Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Einer Sjurson (Hillestad) i Hafslo, fødd kring 1699, vart trulova i Hafslo 13.12.1721 med ei heilt ukjend dame:Kari Ludvigsdotter.Dei fekk åtte born mellom 1722 og 1741 då både mann og kone vert borte frå bygdi, mannen på straff og kona ???! Yngste dotteri vart buande i Hafslo, og ei av dei eldste vart gift i Sogndal, men fleire andre born vert borte, mellom anna:* Cecilia Einersdotter, f. 1732* Martha Einersdotter, f. 1736Det faktum at berre trulovingi er innført i kyrkjeboki for Hafslo og ikkje vigsli, KAN tyda på at dei vart vigde i ei anna bygd, kan henda i heimbygdi hennar??Kanskje finn me att Kari Ludvigsdotter dersom ei av døtrene kan sporast opp?Ein eller annan på FamilySearch seier at Kari var dotter av ein Ludvig Morgensen, men dette finn eg ikkje noko belag for! Det var ein Ludvig PAUS som farta i indre Sogn sist på 1690-talet; kan han vera faren?Eg vonar at einkvan av dei mange lesarane av Brukarforumet kan komma med tips om denne huslyden og takkar so mykje på førehand for all hjelp!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Grethe Flood

Fant en Karen (det kan vel gå litt om hverandre med Kari?) Ludvigsdatter, f. 1695, Vik, datter av Ludvig Christophersen og Karen Iversdatter, men iflg. FS/IGI døde denne Karen i 1734. Så da faller hun bort…Så er det en Karen Line Ludvigsen, f. 10.8.1703 (i Norge!), d. 22.6.1737, datter av Ludvig Hermansen Shuetz (??) og Anna Pedersen Leganger Shuetz. Nytt søker viser at etternavnet visstnok skal være Schultz; Iflg. FS/IGI skal Ludvig Hermansen Schultz være døpt 14.10.1673 i Bergen, og han giftet seg i Vik 1702 med Anna Pedersdatter Leganger. Men er ikke blitt så mye klokere etter søk i Digitalarkivet…

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars Ove Wangensteen
Gjest Lars Ove Wangensteen

Hei jeg har vel rotet meg langt ut på viddene jeg nå. (sukk) Så ikke at Hillsetad var nevnt før nå, og da blir nok ovenstående Einer helt feil.Mvh Lars Ove

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Knut Bryn

I Årdal ble det på 1720-tallet født 2 gutter som fikk navnet Ludvig: 1) Ludvig Monsen dpt. 22.4.1725 og 2) Ludvig Endresen dpt. 29.9.1728. Ludvig er et heller sjeldent navn i Indre Sogn på denne tiden og jeg lurte lenge på hvor dette Ludvig-navnet kom fra. Men så viser det seg at det bodde en Ludvig Monsen (f.ca.1650) på Prestegård i Årdal i 1666, og det er vel ikke urimelig at minst én av Ludvig-ene som ble født på 1720-tallet var etterkommere eller i slekt med ham?Kanskje kan denne Ludvig Monsen også ha vært far til Kari Ludvigsdotter? I så fall har hun trolig vært født før 1702 for han er ikke å finne i manntallet fra 1701 og var vel trolig død da.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Grethe, Lars Ove og Knut for interessante innlegg.Eg har nytta ein del av kvelden til å studera namnet Ludvig i indre Sogn, og eg har truleg funne opphavet til Kari Ludvigsdotter på eige hand, men det var innlegget til Knut som verkeleg sette meg på sporet!Ludvig Monsson, mannen som i 1666 budde på Prestegard i Årdal, må vera identisk med den Ludvig Monsson som i 1674 gifte seg første gongen med Siri Bjørnsdotter, enkja etter gardbrukar Anders Willumson på Hillestad i Hafslo. Siri døydde kring 1690, og Ludvig gifte seg att og flytte til garden Morki i Hafslo der han døydde kring 1698. Me veit ikkje kven denne andre kona hans var, men ho gifte seg att med neste brukaren i Morki, Iver Erikson, som i 1701 hadde ein steson heime:* Mons Ludvigson, fødd kring 1694Eg trur at Kari Ludvigsdotter ogso må ha vore ei dotter av Ludvig og andre kona hans, truleg fødd kring 1697. Ludvig kan godt ha hatt fleire born, kanskje ei Siri, men dei finn ikkje eg noko om nett no.Npr det gjeld dei Ludvig'ane som du Knut finn i Årdal, kan eg leggja til:* Ludvig Monsson, fødd i Årdal 1725, var yngste son av Mons Olson Svaleim og kona Anna Sjursdotter.* Ludvig Endreson, fødd i Årdal 1728, var eldste son av Endre Johnson Holsete og kona Anna Olsdotter (Lægreid).Eit nytt spørsmål som no har dukka opp, er følgjande: Kven var Ludvig Monsson som i 1666 budde på Prestegard i Årdal. Jon Laberg meiner han må ha vore av ''høgare byrd'', for han vert i ei tingsak omtala som De. Laberg spekulerer på om Ludvig kan ha vore ein son av skrivaren Mons Nilsson på Skjær i Lærdal! Kanskje du Knut eller andre har synspunkt på dette?Nok ein gong ein stor takk for hjelpi so langt!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Knut Bryn

Dette var jo nyttig, Lars. Da fikk jeg vite hvor det ble av denne Ludvig Monsen som bodde på Prestegård i 1666. Om opphavet hans har Laberg i bygdeboka for Årdal (s.235f) en teori som synes rimelig, nemlig at han var sønn av den Mons som var bruker av Prestegård på 1640- og 1650-tallet. Ordrett sier Laberg:«.. men frå 1645 er det ein Mogens som er brukar på garden. Han hadde bruket til 1661, då han er død, og enkja vart attgift med ein Eirik Jonsson. Han var f. uml. 1624 og hadde i 1666 ein stykson hjå seg som heitte Ludvig Mogensson, som då var 16 år gamal.»Jeg kan ikke se av 1666-manntallet at Ludvig er omtalt som stesønn. Han kalles bare for 'dreng', men likevel virker Labergs påstand plausibel. Jeg kan ikke se at Laberg sier noe om at han skulle være av høyere byrd, men det er vel i bygdeboka for Hafslo? Jeg er vel litt skeptisk at det kan være rett, men står det noe om hvilket år denne tingsaka er referert?Til slutt nevner jeg at far til Ludvig Monsen (f.1725) ganske riktig var sønn av Mons Olsen (f.ca.1668). Han døde på en plass under Svalheim, men var opprinnelig fra Langevoll ved Årdalstangen. Fornavnet 'Mons' og sønnens navn 'Ludvig' sier meg at han må ha vært i familie med Ludvig Monsen fra Prestegård. Jeg har satt meg som mål å finne ut hvordan slektskapet har vært. Mons Olsen var min farfars farfars farfars far!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Knut Bryn

Det ble en feil i siste avsnitt i forrige innlegg: Mons Olsen (f.ca.1668) var selvsagt far av Ludvig Olsen (f.1725), - ikke farfar. Gården Langevoll lå bare et 'steinkast' fra Prestegård.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Knut for dei siste innleggi. Eg forstod ikkje heilt det siste, men det gjer vel ikkje so mykje... Eg er samd i at det høyres logisk ut at Ludvig Monsson var son av Mons Prestegard i Årdal, men noko prov for dette vil me vel aldri finna...?Når det gjeld bruken av namnet Ludvig, KAN det tyda på skyldskap mellom Ludvig Monsson i Hafslo og Ludvig'ane i Årdal, men rett som det er ser me døme på at namn frå ''høgbyrde'' ætter kjem att mellom ''vanlege'' folk, og dei hadde jo folk både i Årdal og på Hafslo dei kunne kalla opp etter, Ludvig Lem i Årdal og Ludvig Munthe og Ludvig Nitter på Hafslo....Elles er eg alltid interessert i fleire detaljar om Kari Ludvigsdotter og huslyden hennar.Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Terje Hagen

Knut, i futemanntalet 1666 står det ikkje dette i prestgarden?Erik, som er bondeLudvig Mogenssen, som er sønnJoen Mogenssen, som er drengog for 1645 i prestgarden,Mogensog under andre,qvinde og 1 pige.Mvh. Terje Hagen, Årdalstangen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...
Gjest Knut Bryn

Du sikter vel til det futemanntallet som ligger på nettet, Terje. Jeg skrev for noen år siden av prestemanntallet og derfra har jeg notert flg.: Erich Joens., bonde, 41. Lodwig Mogens., dreng, 16. Ped Olls., husmand, 40. Ved leilighet skal jeg sjekke med originalen. Min erfaring (for Lærdal/Årdal) er at prestemanntallet er mer å stole på enn futemanntallet. Likevel kan jo futemanntallets opplysning om at Ludvig var (ste)sønn, være korrekt.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.