Gå til innhold
Arkivverket

[#31911] Mathias Olson (1849 Romsdal)/Martha Bertine Olsd.(1847 Os) g. Åsane 1874 opphav?


Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Mathias Olson og Martha Bertine Olsdotter gifte seg i Åsane (Hamre) 25.5.1874. Mathias skal vera fødd i Romsdals Amt i 1849 (eller 1850?), medan Martha Bertine Olsdotter skal vera fødd i Os 1847. I 1875 var Mathias Olson sjauar og busett i Bergen, men eg finn han ikkje korkje i 1891 eller 1910, og ikkje finn eg han avliden i Bergen heller...! Kan nokon hjelpa meg finna opphavi til desse to personane, Mathias i Romsdalen og Martha Bertine i Os?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Terje Sande

Du har sikkert sett at det som må være dette paret får minst fem barn som blir døpt i Korskirken i Bergen i tidsrommet 1874-1884. Sannsynligvis er det samme paret som døper et barn til i Sandvikskirken i 1888. Men hverken paret eller barna er å finne i 1885-tellingen for Bergen.Men sannynligvis er det Martha og de to gjenlevende barna (Hansine og Kristian) du finner i Absalon Beyersgt. 8 i Ft 1900. Mathias kan være den personen som er i forpleining (sinnsyk) på Ystebø i Nordhordland.Dette var lite om opphavet ... men kanskje til litt hjelp likevel.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Johan Ludvig Kvamme

Ved vielsen i Åsane 25.05.1874 er far til Mathias Olsen Aasthvet angitt som Ole Karlsen Aasthvet. Da må det være Ole Karlsen f. på Teigland i Åsane i 1806 og død på Våganeset, Åstveit 10.03.1875. Han ble gift 15.10.1831 med Kari Mikkelsdatter Brunborg f.1806 på Brunborg, Evanger og død 12.03.1875 på Våganeset, Åstveit. Mathias f.01.11.1846 i Gryttens prgj. Har ikke registrert konfirmasjon i Åsane på Mathias. I 1865 er Mathias læredreng i Bergen og kaller seg Mathias Olsen Aastveit.Mvh. Johan Ludvig Kvamme

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Osvald Rydjord

Dersom Johan Ludvigs opplysninger om Mathias Olsens fødselsdato er riktig har jeg ikke noen opplysninger. Det er derimot en Mathias Olsen Brøste som er født 7.2.1849, og dersom Lars sin opplysning om 1849 er riktig kan det jo være han. Men kjenner ikke hans videre skjebne, bare hans aner.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Johan Ludvig Kvamme

Beklager med fødselsdag for Mathias Olsen, nevnt ved vielsen skal være 30.11.1849.Mvh. Johan Ludvig Kvamme

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Terje, Johan Ludvig og Osvald for spennande innlegg.Då kan me etter kvart sjå på opphavsspørsmålet til Mathias Olson som løyst, men kva med kona Martha Bertine? Står det noko om fødestaden hennar i Os ved vigsli i Åsane? Kva heitte far hennar?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Johan Ludvig for siste innlegg! Der fekk eg nett kva eg mangla!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 måneder senere...
Gjest Terje Hatvik

Den omtala Marta Bertine Olsdtr. f. 1848 var dotter av snikkar og bøkkararbeidar Ole Olsen Skogen, f. 1817 på Skogen i Os, d. 1896 på Kuven i Os; og kona Olina Kristensdtr. Tveit-Hegland, f. 1821 på Heggland i Os, d. 1895 på Kuven i Os.Då Marta Bertine vart fødd pakta elles faren Ole plassen 'Buskengen' under Lysekloster hovudgard.I fylgje bygdesoga for Os var Marta gift med 'bygningsmann Mathias Olson Eigård frå Grytten, b. Bergen'.Mvh., Terje

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Terje Hatvik

Som nemnt i førre innlegget i denne tråden var Mathias Olson sagt å vera 'bygningsmann'. Eg veit ikkje kor godt det høver med at han skal ha var 'sjauar' i 1875, jamfør innlegg 1 her; men folk skifte vel arbeid- og yrke då som no.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.