Gå til innhold
Arkivverket

[#31930] Anna Pedersdtr. (1885-1979) - var ho frå Kaupanger / Sogndal eller Jostedalen?


Gjest Gisle Hersvik
 Del

Recommended Posts

Gjest Gisle Hersvik

Ei Anna Pedersdotter f. 14.09.1885, d. 26.06.1979 vart i 1903 gift med Elias J. Eliasson Gåsvær (1883-1976, og son av Elias og Marie) og busette seg (på Austbø) i Leknessund, Solund (S&F). Dei fekk 6 born (Arentine, Peder Martin, Johan Mathias, Ingeborg Marie, Erling Andreas og Anton Lorents).Ifølge Solund Bygdebok skulle ho vere frå Kaupanger, men eg synes også eg har høyrd Jostedalen nemnd når det har vore snakk om Anna.Når ein kombinerer desse opplysningane skulle denne Anna u. Fossen i Jostedalen høve bra: [url="http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=f01427&gardpostnr=22&personpostnr=142&merk=142#ovre>Lenke, all den tid ho er f. Sogndal. Men kva gard er ho i frå?Men det finnes også et par alternativ i Sogndal i 1900: Lenke &

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Rune Thorstensen

Jeg kan ikke se at paret giftet seg i Solund. Ref vigde i Solund 1881-1921 her i Digitalarkivet.Et eventuelt ekteskap og innførelsen av det i kirkeboka burde kunne avsløre navnet på brudens far og eventuelt føde/oppholdsted.Vet du hvor de ble gift? Mvh. Rune Thorstensen

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gisle Hersvik

Hei Rune,Den f. dato eg har er den som står på gravstøtta hennar. Eg har ikkje funne dei gifte i Solund eller Bergen, så det er vel nærliggande å tru at gitarmålet stod i Sogndal eller Jostedal.M.v.h. Gisle Hersvik

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Anna (Sophie) Pedersdotter i Jostedalen 1900 utvandra til Amerika i 1902 og vart gift i Chicago, IL med svensken Knute Wilson, men ho døydde alt i 1911!Derimot: Anna Pedersdotter, fødd i Sogndal 14.9.1886, dotter av husmann Peder Lasseson og kona Martha Andersdotter på ein plass under Amla øvre i Kaupanger sokn, Sogndal, er nok jenta som du, Gisle, leiter etter...! Ho er det eine av dei to alternativi dine frå FT1900!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gisle Hersvik

Hei og takk for innspel Lars,Om eg forstår deg rett er Anna P. Grov den som reiser til Amerika ? Eller er det ho som vi finn under Fossen ?Då er det denne Anna som du meiner er den rette: [url="http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=f01420&gardpostnr=422&personpostnr=2662&merk=2662#ovre>Lenke, på garden Løbet/Løipe under Amla øvre.Du skriv at mora er Martha Andersdtr., medan Peder Lassesson i 1900 er gift med Anna Knutsdtr.Men dei har vel vore gifte før båe to, slik at dette er mora til Anna som d. 1887: LenkePeder Lassesson, d. 1907: LenkeAnna Knutsdtr., d. 1945:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Anna Pedersdotter Grov vart gift og budde i Jostedalen levetidi ut. Det var ho frå Fossen som utvandra.Elles ser det ut til at Peder Lasseson på Amla var gift to gonger, men eg finn ikkje nokon av ekteskapi i Sogndalsbasen min.Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gisle Hersvik

Takk skal du ha Lars for oppklaring!Ifølge sffarkiv-basen gifta Peder Lasses., og Martha Andersd. seg 31.3.1884 – Hans andre giftarmål står det der. Dei får 2 born på Amla øvre, Sogndal.Peder Lasses., Frønningen og Synneve Ellendd. gifter seg 5.6.1876. Kanskje det er hans første. Dei får eit born på Lagmannsås, Leikanger.Så då er Anna Knutsdtr. hans 3dje kone ? Finn 3 born for dei under Amla øvre på sffarkiv’et.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...
 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.