Gå til innhold
Arkivverket

[#31990] Omund Johannesson Stokken, Fitjar 1768-1835. Kona?


Gjest Marie Skålnes
 Del

Recommended Posts

Gjest Marie Skålnes

Min tilkommande svigerson er yngste barnebarn av Maren Amundsdotter, som var fødd på Stokken for 100 år sidan, og døydde på Bømlo for nokre år sidan. Eg kikka litt på anene hennar då eg hade Fitjarboka på heimlån i ferien.Omund Johannesson er tippoldefar hennar på to sider, men det må vera skriveleif på kona i bygdeboka, for ho er yngre enn sine eigne born! Det stod Sara Aanensdatter f. 1830, men ho er Omund sitt barnebarn!Veit du Mariann Stokken (eller andre) noko om desse?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Mariann Stokken

Hei Marie :-)Ja, mmm .... gjev meg litt tid, det er 'i slekta', men må berre finna ut av det :-)Kva sa du at den tilkomande heiter? Må gjerne maila meg :-)mastokk2alfaenonline.noVenleg helsing Mariann.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Mariann Stokken

Hei igjen.Som du seier står det i bygdeboka(dette har ikkje eg oppdaga, kanskje fordi eg visste, så eg trengde ikkje sjå i boka, eg veit ikkje...)Men iallfall: på ein eller annan måte har det vorte kopiert ein del av ein setning frå sida etter(feilen er på s.631 i bok I, frå s.632 er det feilen er henta), det som eigentleg _skulle_ stått der, er Sara Hansdtr. Litlabø f.1763 v. til Ommund/Amund 24.07.1791.Ho var dtr. av Hans Madsen Litlabø/Byrkjeland f.1740 og Lina Bårdsdtr. Stuva f.1759.Det var flott å bli gjort merksam på dette!! Eg skal gje rette vedkomande melding!Venleg helsing Mariann.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Marie Skålnes

Tusen takk for svar! Eg har sendt mail med namnet til svigerson min. Eg ser at eg endar opp på mange gardar på Stord, så eg kjem til å låna bygdebok for Stord før eg masar meir her.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Mariann Stokken

Som eit PS kan det seiast at den feile setningen var frå det som står skrive om tippoldemor, medan det eigentleg skulle omhandla henne som er 3xtipp :-)Dessutan er det pga. av den nye flotte ressursen her på dig.ark. mogeleg å finna dåpsdatoane til desse som vart f. på Stord/Fitjar frå 1725-1803, det får eg byrja med no :-)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Mariann Stokken

Her er det noko alvorleg feil! Eg har skrive (og det er rett avskrift, men sjølvsagt feil i mine papir)at dottera er f.1763, mora i 1759.Dei var kanskje unge mange gongar, men den var drøy!!Tilbake til døypte i Stord/Fitjar!! dette må det finnast ut av!Venleg helsing Mariann.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Marie Skålnes

Hans og Lina var gifte i 1771, om eg har funne rett par: LenkeSå då er det truleg feil fødselsår både på mora og dottera!Eg laga visst arbeid for deg og no!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Mariann Stokken

Godmorgon :-)Eg mista 'kontakten' med dig.ark. igår kveld, difor skreiv eg ikkje meir igår.Eg kunne ikkje finna Lina/Lena som døpt, eg prøvde fleire variasjonar.At dette er feil undrar meg ikkje, det er sikkert 25 år sidan eg fann/fekk dette, og kor det kjem frå anar eg ikkje!Vigselsdatoane har eg funne seinare, men utan å registrera at det var feil i det eg hadde frå før.Visst du har sendt mail, er det noko feil(der og :-)eg har ikkje motteke noko.Det skal altså vera ein @ mellom mastokk2 og online.noVenleg helsing Mariann.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Marie Skålnes

Eg fann heller ikkje Lina døypt. Eg såg også på Oline, for det er mange som heiter Oline, men som vart kalt Lina.Det såg ut som eg hadde brukt rett adresse i mailen,men eg prøvde på nytt no.Eg hugsar eg hadde ein ane som vart bestefar som 12-åring, og det var håplaust å finna feilen!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Mariann Stokken

Dette vart å rota i eit nokså betent sår :-) :-)Dess meir eg viklar meg inn, dess mindre forstår eg!!!Sjå på denne lenka: LenkeKanskje eg har feil foreldre på denne Sara?Men det er kanskje ikkje så vanskeleg å få Hansdtr til å bli Aansdtr.? dette _mÅ_ eg berre finna ut av!!Skal prøva på fleire måtar!Venleg helsing Mariann.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Marie Skålnes

Sara i innlegg 10 ser ut til å passa. Sønnene Aanen og Amund som svigerson min ættar etter var fødde etter 1801, så dei er ikkje med her. Men søstera Susanne er på Stokken i 1865 som ugift.Men eg finn ikkje denne Sara som fødd...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Mariann Stokken

Hei.Eg trur at det er feil med Hans Madsen som far til Sara. Dette avdi eg ikkje finn nokon Sara med han til far, men også avdi ho vert kalla Aansdtr. nokre stader, og i skifteprotokoll. Aanundsdtr!!(eg har lagt inn eit spørsmål arkivfora kva som står i skifte) Dessutan er det ein Aan som får ei dotter ved namn Sara, dette var så tidleg som 1756(i FT1801 står det at ho er 35, men ...)Eine son til Ommund og Sara vert kalla Aanen(min 2xtipp), ingen av borna vert kalla Hans.Eg er klår over at når Ommund og Sara gifta seg i 1791 vart ho kalla Hansdtr, men visst du ser på namna Hansdtr. Aansdtr., det er lett for at A`en kan verta ein H, er det ikkje??Dette vert kanskje litt spekulativt, men eg har iallfall tenkt å gjera det eg kan for å finna ut av det!!Venleg helsing Mariann.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Marie Skålnes

Det med forveksling av Hansdtr og Aansdtr høyres fornuftig ut. Men Sara er neppe fødd så tidleg som 1756, for sonen Omund/Amund er fødd i 1808...Me får avventa resultatet av skiftet.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Mariann Stokken

Hmm, ja eg veit at dei fekk ein son så seint som 1808....Men eg har vore inne på gifte i Stord, der har eg funne dei som eg _trur_ er foreldra til denne Sara: Aan Ottesen Tvedte og Susanne Nielsdtr(Susanne er også eit godt argument, då Sara og Ommund får ei dotter dei kallar Susanne),dei får div. barn deriblant Sara f.1756, så to til etter ho. Så vert det eit hopp frå 1760-1768, kanskje har den fyrste Sara døydd og det har vorte fødd ei 'ny' Sara denne perioden...Dette må sjekkast opp i! Stien vert til når eg går, altså eg ressonerar medan eg skriv, for dette siste kom eg ikkje på før no! Faren må isåfall ha blitt kalla noko litt anna enn ved dei andre syskena sin dåp, men me får sjå...Venleg helsing Mariann.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Mariann Stokken

Eg skriv så sjølvsikkert at 'eg veit' at dei fekk ein son i 1808, men eg _veit_ ingen ting lenger :-) :-) Men det står iallfall i bygdeboka :-)Har du fått epost frå meg forresten? Det er mange timar sidan eg sende den...Venleg helsing Mariann.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Mariann Stokken

Har du sett på Arkivfora?Der har eg fått det eg trengde for å støtta opp under min teori :-)Ho har nok vore noko gammal(visst der då ikkje vart fødd ei Sara mellom 1760-68, sjølv om eg ikkje kan finna ho), men foreldra er det iallfall ingen tvil om!Eg takkar deg så mykje for at du spurde etter dette :-) :-)Venleg helsing Mariann.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Marie Skålnes

Eg har lese Arkivforumet no, og du hadde rett. Finn du denne Sara under Tveit, det er vel i Fitjar 2?Eg skal gje beskjed om eg finn noko nytt om slekta di!Eg fekk ein mail frå deg midt på dagen i går, og svarte, men den er sendt feil den og! Prøver på nytt no!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Mariann Stokken

Hei igjen, no er mailen komen :-)Dette er nok ikkje Tveit, men Tveita..og det er i Stord kommune.Eg har søkt etter Aanen Otteson på Kvasir, der dukka han(og kona) opp på ei slektsside laga av Otto Jørgensen. Der er det også eit eller to (hugsar ikkje)ledd vidare bakover. Det står forresten Aanen Otteson Aadland(ikkje Tvedte) på desse slektssidene, men det kan vera at han vart f. på Aadland, og budde på Tveita då han gifta seg....Der står det også at Aanen er f.1710(på Fam.Search 1709) og at Susanne er f.1722, så det er nok difor eg ikkje har funne dei blant f. på Stord frå 1725-.Men datoen for vigsla deira var 27.07.1747.Venleg helsing Mariann.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Marie Skålnes

Eg får ta eit titt på slektsida til Otto Jørgensen. Eg har sett på den sida hans mange gonger, for har har også aner frå mitt Skålnes.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Helga Kallevik

Hei Marie og Mariann!Blander meg inn i diskusjonen dåkas. Eg har bøkene 'Gamle Sunnhordlandsslekter', og finn Aanen Ottesen Tveita i bind 1 s. 134 under Ådland. Fødselsåret er ikkje teke med. Han er oppgitt til å vera son til Otte Olsen Ådland f. 1667. Kona til Otte var i følge boka antageleg Gurid Aadland som nemnes i 1727-38.Otte hadde barna a) Anfin Ottesen Aadlandb) Gunder Aadland gift 1) med Anna Sjursdatter gift 2) med enke Anna Sæbjørnsdatter Stue (Agdesten grenen).c) Aanen Ottesen Tveita, senere Vikanes (se Vikanes-grenen VII c).Skal sjå etter kva som står under Vikanes i same boka.Helga K

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Helga Kallevik

Hei igjen!'Gamle Sunnhordlandslekter1' s. 269 'Vikanes-Sagvåg-grenen':VII c. Aanen Ottesen Aadland bodde først på Tveita, senere på Vikanes, Stord. Gift 1747 med Susanna Nilsdatter Haugland.Barn: a) Otte Aanensen Jensanes f. 1750 b) Nils Aanensen Vikanes f. 1752 c) Sara f. 1756 d)Guri f. 1760 e) Helge f. 1768.Altså inga ny Sara mellom 1760 og 1768 her heller.Helga

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.