Gå til innhold
Arkivverket

[#31990] Omund Johannesson Stokken, Fitjar 1768-1835. Kona?


Gjest Marie Skålnes
 Del

Recommended Posts

Gjest Mariann Stokken

Det kan jo tyda på at overgangsalderen har spela henne eit puss, som har resultert i eit barn til bestemor :-)Takk til deg Helga!! sjølv om det var Marie som starta denne debatten :-) :-)Venleg helsing Mariann.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Marie Skålnes

Takk Helga frå meg også!Det stod vel ikke I 'Sunnhodlandsslekter' kor Saras vasr av, kven ho vart gift med? 'Sunnhordlandsslekter' er visst ikkje heilt til å stola på den heller...Eg har komme over nokre få kvinner i div. bygdebøker som har fått barn då dei var 50. I enkelte tilfelle er det muligens eit barnebarn eller fosterbarn. Og eine grandonkelen min og kona fekk ei jente då dei begge var 49 (etter at den einaste dottera var død i vaksen alder).

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Helga Kallevik

Hei!Er det mogleg å finna ut kven som var fadrar til Amund og Sara Stokken sine barn? Namn og gard på desse kan jo også gi ein peikepinn på om det er rett Sara, td. dersom nokon av søskena hnnar er fadrar?Eg meinar at eg fekk stadfesta kor min ttoldefar Jacob Larsen kom frå ved at eg fann barna hans(fødde på Stord frå ca. 1760 og utover). Ein eller anna her på digitalarkivet hadde tilgong på kyrkjebøkene og gav meg namna på fadrane. Dermed løyste eg ei mangeårig gåte. (Du Mariann hugsar sikkert innlegga mine om Jacob Larsen, Jensaneset).Helga

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Mariann Stokken

Hei Helga. Ja, eg hugsar Jacoben :-) og eg har vore inne på innlegga dine og sett, og det er ei som jobbar/har jobba på Statsarkivet som har svart ang. det med fadrane.Men eg trur det er unntaka, ikkje regelen at dei svarar slik, det som kanskje kunne gått an, var å laga eit innlegg til Arkivfora, men det er jo noko arbeid å finna det fram (sjølv om alle datoar og årstal er mogeleg å finna grunna den nye databasen), så det spørst vel....Eg har laga eit nytt innlegg på Arkivf. og spurt etter kva som _eigentleg_ står når Amund og Sara giftar seg i 1791, Hansdtr. eller Aansdtr.Eg har eit sterkt ynskje om at det må vera Aansdtr, men om det likevel skulle stå Hansdtr. held eg fast på min teori enn så lenge :-)Venleg helsing Mariann.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Mariann Stokken

Hei. Eg fann dette på Fam.Search:Sara Aanensen Female Event(s): Birth: 1756 Tveita, Fitjar, Hordaland, NorwayParents: Father: Aanen Ottesen Mother: Susanna NilsenDet står jo Fitjar, men det tek eg med ei klype salt :-)Men elles er vel dette endå eit prov på at det er rett...trur eg :-)Venleg helsing Mariann.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Mariann Stokken

Hei. På Arkivforum har eg fått svar på eit spørsmål om skifte etter Aanen Ottesen Orninggaard, der er det nemnd ei Sara 10 år. Dette tyder på at det har vorte f. ei Sara etter at den fyrste sannsynlegvis har døydd, men kvar ho(den siste) vart døypt er jo ei gåte....Men det ser iallfall ut for at også _den_ teorien held stikk :-) (at det vart fødd ei anna Sara mellom 1760-68, men det var det å finna ho då!!!)Venleg helsing Mariann.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Marie Skålnes

Dette høyres interessant ut! Kvifor er denne Aanen kalla Orninggard (det var ukjendt gardsnamn for meg, men eg finn det i Stord Bygdebok frå 1966)? Han er vel frå Ådland, og så ser eg at han bygsla halve Tveita, før han flytta til Vikanes. Sara er også i boka ført opp som fødd i 1856.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Mariann Stokken

Ja, det står 1756, men i FT1801 står det 35 år, seinare når ho oppgjev alderen sin, ved to forskjellige høve(info frå Arne Tislavoll, som har diverse papir grunna bygdebokarbeid), så tydar det på at ho er f. + - 1765.Eg skjønar ikkje dette, men spennande? ja!!Venleg helsing Mariann.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 måneder senere...
Gjest Harald Westerheim

Sara sin alder er oppgjeve som 25 år 1791 og 34 år i 1800(to sjeleregister) og 35 år i Fo 1801,altså f ca 1766Nokre faddrar som eg har notert meg ved tidlegare høve: Ved dottera Ingeborg sin dåp i 1792 var faddrane: Lars Lillebø,Johannes Vigenes,Svend Skolemester,Katrine Tislevold og Maritte Vigenes. Då sonen Aanen vart døypt i 1805 var Nils Aanensen Vikanes blant fadrane.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Marie Skålnes

Takk for svar! Mesteparten av fadrane var frå Vikenes; det var vel der dei budde ein periode, så det er ikkje så rart. Eg har ikkje klart å finna Svend Skplemester i 1801.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Roald Sjursen

Takk til dere alle, for no fann jeg tråden videre på et av mine problem. Her ble endel av slekten til Otto Andfindsen omtalt, slik at det var lett å fortsette.Noen av etterkommerne til Andfin Ottesen Ådland (omtalt under 24 a) finnes her på denne lenken LenkeMvh Roald

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...
Gjest Mariann Stokken

Hei igjen Marie.Eg har ikkje lagt dette vekk :-) No har eg konferert med ein kjennar av Stord`s innbyggjarar før i tida, bl.a. har han kjennskap til prestane(dette gjennom lesing av krk.bøker/og bygdehistorie he, he, den forrige setningen kunne kanskje misforståast)...Han fortel at presten på 'den tida' då denne 'Saro' vart fødd(og den andre døydde), så var det ein prest som var ganske sjuk psykisk. Så han meinar heilt bestemt at det er rett at Sara heitte Aanensdtr. og var f.ca.1766, ho er funnen som konfirmant i Stord kyrkje i 1783.Den fyrste Sara har nok døydd(viser til skifte etter faren 1773 då han hadde ei Sara som er skriven som 10 år), utan at presten har registrert henne, den andre vart f/døypt også dette utan at presten har registrert det.Venleg helsing Mariann.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Marie Skålnes

Me får håpa og tru det er som denne Stordkjennaren seier, iallfall inntil det motsette er bevist!Får håpa det ikkje er så mange prestar av denne typen rundt omkring!Kanskje klokkaren var bedre. Har Stord klokkarbøker som skal skannast inn, skal tru?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.