Gå til innhold
Arkivverket

[#32007] ”Fele-Trond” Ytre Ålvik, Kvam i Hordaland, far til Guro/Guri født ca 1746.


Gjest Marit Rambjør
 Del

Recommended Posts

Gjest Marit Rambjør

Guro/Guri Trondsdt. født ca 1746 skal i følgje bygdebok for Kvinnherad vera født Ytre Ålvik i Kvam datter av ”Fele-Trond”. Nokon som veit meir om denne Trond og kven som var mor til Guro?Eg finn ei Guro Trondsdtr. født i Kvam i 1746 [url="http://www.familysearch.org/Eng/Search/igi/individual_record.asp?recid=500220179859&lds=1&region=12&regionfriendly=Norway&juris1=Norw9Hord&juris2=Hord&juris3=&juris4=&regionfriendly=&juris1friendly=Hordaland+%28Bergen%29&juris2friendly=&juris3friendly=&juris4friendly>Lenke Men utan opplysningar om foreldre eller gardsnavn.Guro var gift med Kristofer Helgeson f. 1743 Ytre Kvalvik Kinsarvik (Ullensvang) i Hordaland, sønn av Helge Helgesen og Sigrid Sylfestdr. Guro og Kristoffer budde først i Ytre Kvalvik. Ca 1788 flyte dei med dei fleste barn til Landanes, Avaldsnes på Karmøy.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jan Tertnes

Kilde: Ættarbok 2 for Øystese sokn, Kvam. Forelde: Trond Isaksen Botnen i Øystese 1713-1772 gm 1745 Kristi Arnesdtr. Klyve f.1724-1754, 5 barn inkl. Guro som var gift med Kristoffer Helgesen Kvalvik. De var bosatt på Lanes i Ryfylke.Jan

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Marit Rambjør

Takk for det raske svaret Jan.Familien med utatt to eller tre døtre, av totalt 9 barn, flytta nok til Landanes på Karmøyne, ikkje Ryfykje. Navn og fødsels data på barna og foreldre, tyder på att det er denne familien. Bygdeboka for Kvinnherad opp gir forresten Otterrøy i Fitjar som bustadHelsing Marit.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Marit Rambjør

Eg har leita på FS og funne fleire hendvisningar til det som må vera denne familien. Blant andre denne Lenke Men over alt er kona til Trond Isaksen oppført som Kristi Pedersen or Raaen. Og son nr to heiter Peder. Noko som veit kva som er rett navn på kona til Trond? Kan han ha våre gift to gangar?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Elin H. Skibenes

Trond Isakson var g. 3 gonger.I i 1743 m. enke Guro Olsdtr. (f.Gunntveit, Jondal)Ho døydde på barselseng i 1744, bornet,Guro, døydde same år.II i 1745 m. Kristi Arnesdtr. Klyve (1724-54) Med henne hadde Trond 5 born: Brita 1745 d. ug. før 1772,Guro 1746- g.m. Kristoffer Helgeson Kvalvik,Arne 1747- g.og busett på Hatlestad,Evanger,Isak 1749- var gastgjevar på Bolstadøyra,g.m.Elsebeth Johansd. Blomberg, dotter til lensm. Blomberg,Vossavangen,Anna 1754-71 ug., død i bolesotta.III i 1755 m. Kristi Persd. Øvre Vik (1723-1799) Med siste kona hadde Trond 7 born: Per 1756-1844 (Ytre Ålvik),Kristi 1757-, Anna 1759-60, Eli f. og d. 1761,Eli 1762- g.m.Viking Jørundson Jåstad,Budde Langeland,Skjold, Anna f. og d.1763, og Anna 1766-1843 (budde Bjotveit).Når det gjeld Kristi f. 1757, står det i bygdesoga at ho d. ug. og tente på Bjotveit i 1801, men eg har funne ho att i bygdesoga for Tysnes, der var ho g.m. Lars Person Ytre Ålvik, og dei budde Feravåg, Tysnes. Kristi døde i 1828.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Marit Rambjør

Takk ElinDet er nok rett att ein ikkje skal stola på heilt på FS. Eg må nok ta meg ein tur på biblioteket å låna bygdebok for Kvam og Ullensvang. Skal eg få full oversikt over familien.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.