Gå til innhold
Arkivverket

[#32037] Anna Jensdotter f.1760 og søner Jens, Lars og Ingebrigt - frå Hafslo til Solund?


Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Anna Jensdotter Grindhaug (Mareim), døypt i Hafslo 20.7.1760, budde i 1801 som ugift innerst hjå far sin på plassen Grindhaug under Mareim i Hafslo. Ho fekk truleg fem born, det siste med lensmann Christen Bremer som far, men berre tre av desse borni ser ut til å vera oppvaksne:* Jens Thomasson, døypt 16.7.1780 (far: Thomas Hermundson)* Lars Nilsson, døypt 25.9.1785 (far: Nils Christopherson)* Ingebrigt Olson, døypt 31.1.1796 (far: Ole frå Hallingdal!)Berre Ingebrigt er nemnd med mor si i 1801, men eg trur det må vera Jens Thomasson (20) som me finn att som dreng på Nautøy i Solund i 1801 og som gifte seg som Jens Thomasson Utvær i Gulen 25.7.1813 med enkja Anna Johnsdotter Brandanger, fødd 1779!?Elles vert Anna og Ingebrigt ogso borte frå Hafslo etter 1801, og eg mistenker dei kan alle vera farne til Solund!?Eg vonar at einkvan kan hjelpa meg med gode tips når det gjeld denne huslyden, og takkar so mykje på førehand!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gisle Hersvik

Hei Lars,Når det gjelder Jens Thomassen så er det vel han og kona som får 3 born (1814 Gjertrud, 1816 Anders og juli 1818 Jens) på Brandanger. I så tilfelle kan det vel vere Jens som dø i nov 1817? Lenke, som skulle gi f. år ca. 1771.M.v.h. Gisle Hersvik

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.