Gå til innhold
Arkivverket

[#32097] Jacob og Juditta u. Nonskriften, Kinn, S&F i 1865 – Deira opphav?


Gjest Gisle Hersvik
 Del

Recommended Posts

Gjest Gisle Hersvik

FT1865, Nonskriften, Kinn, S&F: [url="http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=f61437&gardpostnr=477&personpostnr=3265&merk=3265#ovre>LenkeDette skulle tyde på at:Jacob, f. ca. 1822Juditte, f. ca. 1820Men kan det allikevel vere desse to det er snakk om?Jacob Andreas Rasmuss. Langedahl, f. 1817: Lenke / LenkeJuditta Susanna Nielsd. Høedahl, f. 1815: Lenke /

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 uker senere...
Gjest Leif Øren

I fyljge boka 'Høydalane før og no' av Eli Bolette Høydal Tyvold m.fl. side 158, er Judithe Nilsdotter dotter til Nils Jacobsen Steinhovden (1774-1837) og Oline Olava Larsdatter Høydal (1784-1861). Dei budde i Høydal på gnr. 91 bnr. 4 i Flora/Kinn.I fylgje same bok gifte Judithe Nilsdotter seg med Jacob Rasmusson Langedal de 20.7.1844 og dei flytta til husmannsplassen 'Nonsgriften'.Mvh. Leif ØrenNonsgriften er omhandla på side 268 i boka, og her står det at plassen vart rydda midt på 1840-talet og var i bruk i ca. 30 år. Der var ingen busetnad ved folketeljinga i 1875. Vidare står der at Jacob var sonen til Rasmus Andersson Langedal. Jacob og Judithe hadde 3 barn: Nille Larine f. 16.06.1844, Oline Regine f.11.12.1850 og Niels Olai f. 21.12.1856

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Leif Øren

Eg kan legge til at Judithe Nilsdotter døydde 03.09.1872 og at Jacob Rasmusson døydde 21.04.1866. Dette også i fylgje Høydalsboka.Mvh. Leif Øren

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars Løkkebø

Hei LeifJeg bare lurer på hvilket område Høydalsboka dekker. Ut i fra det jeg ser her ser det ut til å være deler av Kinn, men jeg har ikke hørt om boka før.Lars Løkkebø

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gisle Hersvik

Tusen takk for opplysningane Leif, men eg lurer på om far til Jacob er rett skriven i innlegg (2). Skal det ikkje vere Rasmus Olsson? Slik at mor til Jacob er Synneve Andersdtr. og dette er giftet deira:Lenkesffarkiv.no gir 3 born for det paret:Anders Rasmuss. 1815 Rasmus Olss., Synneve Andersd. LangedahlJacob Rasmuss. 1815 Rasmus Olss., Synneve Andersd. LangedahlJacob Andreas Rasmuss. 1817 Rasmus Olss., Synneve Andersd. LangedahlElles lurer eg på det same som Lars!M.v.h. Gisle Hersvik

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Leif Øren

På side 268 i Høydalsboka står det: 'Ved vigselen står det at Jacob var 25 år gammel og sønn av Rasmus Andersen Langedal.' Jacob er i boka berre omhandla som Jacob Rasmussen. Han er ikkje omhandla med noko mellomnamnEg har er likevel enig i at Rasmus Olsson og Synneve Andersdotter Langedal truleg er foreldra til Jacob. I mine notat om Langedalen har eg iallefall ikkje nokon Rasmus Andersson som kan være faren på det aktuelle tidspunktet (1815 -1820). Men Rasmus Andersson kan være ei innflyttar til Langedalen på eit seinare tidspunkt. Det er vel einast kyrkjebøkene som kan gi noko betre svar på dette.Høydalen er ein gard som ligg mellom Osen og Ausevikja innerst i Høydalsfjorden i Kinn, no Flora kommune. Andre nære gardar er Steinhovden, Hopen, Svardal og Steindal. Garden er gnr.91 i Flora kommune. Svært mange slekter i området (bl.a. Eikefjorden) har røter tilbake til denne garden.Høydalsboka omhandler garden Høydal og nabogarden Ausevikja med sine kjende helleristningar. Boka er utgjeven i 1999 og har ISBN 82-7275-104-6. Eg trur forfatteren, Eli Bolette Høydal Tyvold, er den rette å kontakte om ein ynskjer å kjøpe boka.Med det same vil eg nemne at Steindalsboka av Olav Stendal no er utgjeven og kan tingast hos forfatteren med adresse Leitet 8, 6817 Naustdal.Mvh.Leif Øren

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gisle Hersvik

'Ei fjellgrend i sunnfjord - Steindalen - slekter og samfunn' - Olav SteindalSjå: http://www.eikefjord.net/nyheter.htm#2005-132Bokslepp på Allhuset.Olav Steindal med røter frå Steindalen har skreve bok om fjellbygda Steindal. Laurdag kl. 13 er det bokslepp i Allhuset. Her vil forfattaren presentere boka si 'Ei fjellgrend i sunnfjord - Steindalen - slekter og samfunn'. Olav har følgt slektstrådane frå Tor i 1563, og fram til våre dagar. Slektsstoffet fyller omtrent 40 sider av boka. Boka som har mange nye og gamle bilder vil ha allmenn interesse då livet på fjellgardane var nokså like frå bygd til bygd.Boka er meint som eit æresminne om folket i Steindalen, og den er tileigna meiinet etter mor og far til forfattaren.Les meir i Firdaposten og Firda. NB! Firda har feil dag for boksleppet.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Leif Øren

Steindalen ligg i Flora kommune og grensar til Naustdal (Vevring) som den tidlegare høyrde til. Soleis har garden hatt mykje samkvem gardane i Vevring og Eikefjorden bl.a. garden Langedal.Mvh. Leif Øren

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.