Gå til innhold
Arkivverket

[#32125] Anders Brynjelson Uhre (1816) og Johanna (1826) til Chicago 1857 - men kvarifrå?


Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Anders Brynjelson Uhre (eller Ure?), fødd i Noreg kring 1816, gifte seg, truleg i Noreg, med ei Johanna NN, fødd kring 1826, og skal ha utvandra til Amerika i eller kring 1857. Dei budde i Chicago, IL både i 1870 og i 1880, men eg finn dei ikkje i 1860. Ein son skal vera fødd i Noreg:* Martin A. U(h)re, fødd i Noreg i mai 1856.Men kvar i Noreg kan denne huslyden vera komen ifrå? Eg finn ingen gode kandidatar på FamilySearch, endå om namnekombinasjonen Anders Brynjelson burde vera ganske so ''spesiell''!? Og kva med ættenamnet Ure? Eit rykte vil ha det til at huslyden kom frå Hardanger, og at Ure er ei av avstutting av eit lengre namn, kan henda Velure i Ullensvang??Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Ein ny stor takk til Rune for interessante opplysningar! Eg har sett på alternativet frå Rune i Austfold, men dei vart buande i Tune også etter 1860, so dei kan det ikkje vera!DERIMOT, Brynjulf Colbenson på Ure, Vossestrondi, hadde ifølgje bygdeboki for Vossestrand ein son Anders fødd i 1816, so der har me nok mannen i parfolket som eg leiter etter! So må nok han ha gift seg utanfor bygdi før han utvandra til Amerika...! Men kvar???Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Her kom det ei ny flott melding frå Rune medan eg arbeidde på hi, og kan henda har me svaret der: Ringebu!? Men kvifor finn me ikkje noko hjå FamilySearch om denne ætti?Hjarteleg takk for hjelpi so langt, Rune!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 år senere...
Gjest Jon Torp

Kanksje du allerede har løst denne saken, Lars. Men utvandringsåret 1857 er nok rett. Parfolkets eldste sønn ble nok døpt Matias....Jeg fant dem i Chicago i 1860:

bilete4091.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Jon for uventa, men spennande, innlegg! Nei, dette problemet står framleis uløyst. Faren Anders Brynjulfson var nok frå Voss, men Mathias må vera fødd ein annan stad (Ringebu?). Uansett er det interessant å få greie på rette namnet hans!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Britt D. Hjeltnes

Foreldrene til Anders Brynjulvson i 1801 , LenkeHer bor også foreldrene til Brynjulv Kolbeinson f. 1773. Kan nevne at mor hans , Anna Andersdtr. f. 1746 , skal være født Tufte, fra Aurland .Gift 1772 med Kolbein Brynjulvson Ure. Dette iflg. Ættebok for Vossestrand.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.