Gå til innhold
Arkivverket

[#32129] Knut Andersson f. 1839 - frå Kvinnherad til Stord som heradskasserar - oppl.?


Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Knut Andersson, son av ein Anders Willumson, var fødd i Kvinnherad 26.9.1839 og gifte seg i Bergen 11.4.1864 med Berthe Hansine Nilsdotter Eriksen, fødd i Bergen 19.10.1834. Parfolket flytte snart etter til Leirvik, Stord der Knut var landhandlar, trygdeagent og heradskasserar. Han døydde mellom 1900 og 1917, medan Berthe levde att som enkje i 1917. Dei fekk minst fem born i lag.So er det spørsmål om nokon kan hjelpa meg finna desse opplysningane:* Frå kva gard i Kvinnherad hadde Knut opphavet sitt?* Dato og stad for dødsfallet til Knut Andersson?* Dato og stad for dødsfallet til kona Berthe?* Kor mange born fekk dei?Kanskje ei bygdebok for Stord kan gje oss svari?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Elin H. Skibenes

Knut var frå Lyhammar, son til Anders Willumsen Nedrevåge, Fusa, og kona, Alida Marie Kristiane Tråvik, Kv.herad.(Gift i 1823)Faren Anders i 1801:[url="http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=f11243&gardpostnr=8&personpostnr=58&merk=58#ovre>Lenke Her døyr faren: Lenke Mora i 1801: Lenke Her døyr mora:LenkeNo veit eg diverre ikkje når Knut og kona døydde, eller kor mange born dei fekk, men i 1875 hadde dei iallefall 5:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Elin for fint innlegg! Då er me i alle fall godt på veg!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Marie Skålnes

I 1900 er familien flytta frå Haugland til Friborg under Orninggard: LenkeBygdeboka nemner berre 5 born. Sonen Johan Aksel Heiberg Andersen overtok handelen. Det står ikkje kva tid Knut døydde.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Mariann Stokken

Hei :-)Eg har vore i kontakt med etterkomarar av Knut/Johan og opplysningar om dødsår m.m. skulle eg få, men ikkje før over helga(dei er bortreist i helga).Visst ikkje nokon svarar deg før, så får du det då :-)Venleg helsing Mariann.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Marie og Mariann for gode og interessante innlegg. Særleg er eg glad for at du Mariann har kontakta ætti, og no kan eg knapt venta på at helgji skal vera over...!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Mariann Stokken

Hei igjen :-)Knud døydde 1910 (diverre ikkje dato, men visst du treng den ringjer eg gjerne til kyrkjekontoret imorgon) Berthe døydde 02.10.1917, båe på Stord.Venleg helsing Mariann.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Mariann for nye fine opplysningar. Jau, eg ville setja stor pris på å kunna føya til den nøyaktige dødsdatoen til Knut, so om du kan skaffa den fram, ville det vore svært bra!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Mariann Stokken

Hei :-)Det var nok ikkje nett så enkelt(bøkene for Stord var sendt til St.ark til og med 1924), men eg kan prøva familien igjen, kanskje dei kan finna det sjølv om det ikkje var tilgjengeleg der og då...Venleg helsing Mariann.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Mariann Stokken

Hei. Eg har nettopp vore i kontakt med etterkomarar av Knud og Berthe igjen, og det var ikkje mogeleg for dei heller framskaffa denne datoen.Kanske Arkivforum er behjelpeleg? Sidan du har dødsåret....Venleg helsing Mariann.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Marianne Herfindal Johannessen

Kyrkjebok B 2 for Stord synar at 'Kjøpmand Knut Andersen' fødd 1839 i 'Ølve' døydde den 5. desember 1910. Som bustad var oppgjeve 'Lervik'.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Mariann og Marianne for flotte opplysningar! Talet på born i denne huslyden ser ut til å vera fem, so då har eg fått greie på det som eg treng for mitt føremål! Nok ein gong ein stor takk!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Mariann Stokken

PS: eg spurde fyrste gong eg var i kontakt med familien om det var fem barn, og det var det, men eg gløymde å skriva det til deg :-)Mariann.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Mariann for endeleg stadfesting av talet på born!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.