Gå til innhold
Arkivverket

[#32157] Iver Christopher Hof(f)gaard, f. kring 1811/1813, men kvar? -Jevnaker, Hadeland?


Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Skreddarmeister Iver Christopher Hof(f)gaard gifte seg i Bergen 14.7.1844 med Thurine Sophie Sørensen. Iver er oppgjeven fødd på Hadeland kring 1811. Ved FT1865 er det oppgjeve Christiania som fødestad med fødselsår 1813, men ved FT1875 finn me JEVNAKER og 1811. Han døydde i Bergen i 1880.Kan nokon hjelpa meg finna opphavet til denne Iver Christopher:* Fødselsdatoen hans?* Fødestaden hans?* Namni på foreldri hans?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Det vart visst i farti litt ombytting av fødselsåri frå vigsel og FT1865, men ''samla sett'' skal Iver vera fødd kring 1811-1813!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Svein Arnolf Bjørndal

Det ville forundre meg om han ikke har tilknytning til skredderslekten Hofgaard i Drammen. Det finnes en bok om denne. Se:LenkeDet kan være at du der også vil finne løsningen på om han var født i Christiania eller i Jevnaker. Muligens var han f. i Chra., men kom til Jevnaker som liten med sine foreldre, og at dette kan være grunnen til vinglingen mellom disse to oppsatte fødestedene.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 5 måneder senere...
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Ein sein, men like hjarteleg takk til Svein Arnolf for at du gjorde meg merksam på ætteboki om Hofgaard-ætti frå Bragernes.Diverre har eg ikkje hatt høve til å sjekka ut denne boki, men er det nokon som hatr tilgjenge til boki som kan berre gjera eit oppslag i ho? Eg treng berre namnet på far til Iver Christopher og dato og stad for fødsli/eventuelt dåpen hans?Eg takkar på ny for alle gode tips og lever i voni...!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Berit for interessante opplysningar. Eg hadde ikkje sett på den VRI ''varianten'' av vigsli!Men, fødestaden er framleis like uklår... Eg ser av FT1801 at det då budde ein ugift kjøpmann Christopher Hofgaard i Fredrikshald (Holden), 43 år. Han er den einaste i heile landet som høver, DERSOM Christopher Gulbrandson skreiv seg for Hofgaard. På hi sida, dersom det var MORI som heitte Hofgaard, er me like langt... Christopher Gulbrandson finst det MANGE av i heile landet, m.a. 3 personar på Jevnaker som alle kan høva av alder!Eg vonar på fleire spor og takkar på ny!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Ole P. Gamme.

Hei Lars. Det er en Iver Christophersen, f. 14.06.1812 på Hauereiet i Jevnaker. Foreldre er Christopher Gudbrandsen, f. 1872 på Vangseiet og Gjertrud Olsdtr., f. 1775 på Greftegrevseiet, gift 22.10.1795 i Jevnaker. Iver har 9 søsken, en av dem Anders, dpt. 09.12.1804 som utvandret til Amerika. Jeg har mye opplysninger om han, og kan skaffe opplysninger om de andre om ønskelig. Har ikke noe om hvor det ble av denne Iver. Mvh. Ole.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Ole for eit overraskande og gledeleg innlegg!Eg trur dette må vera ''vår'' mann. Alderen høver godt, farsnamnet høver, og mannen forsvinn tydelegvis frå Jevnaker der han ifølgje minst ei kjelde skal vera fødd! Det einaste ''problemet'' som står att, er namnet hans!?Kan det tenkjast at Iver har gått i skreddarlære hjå skreddar Hofgaard på Bragernes og teke same ættenamn då han flytte til Bergen? Eg lkan vanskeleg tenkja meg noki anna forklaring...!Nok ein gong ein stor takk til Ole! Dette var glimrande!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.