Gå til innhold
Arkivverket

[#32175] Claus Sjurson Bø, fødd på Voss 1.6.1833 - kvar var foreldri hans ifrå?


Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Claus Sjurson Bø, fødd på Voss 1.6.1833, skal vera son av ein Sjur Nilsson Bø og kona Britha Monsdotter, men kan nokon hjelpa meg med desse detaljane:* Var Sjur Nilsson gardbrukar på Bø eller husmann på ein plass under Bø? I so fall på kva plass?* Kva gard/plass var Sjur Nilsson ifrå?* Kva gard/plass var Britha Monsdotter ifrå?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kjell Vangen

Sjur Nilsson f. 1805 g. med Brita Monsdr. Gjerme. Det ser ut til at Sjur var husmann på Bø i Dyrvedalen. Sjur var son til Nils Sjurson f. 1767 g. 1801 Brita Bergesdr. Væte. Far hans att ser ut til å vera komen frå Gjukastein og vart gift til Bø i 1767, m. Ingjerd Steffadr. f. 1747. Steffa Mukkjelson var f. 1699. Alt dette og meir til står å lesa i vossaboki.Kjell Vangen

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Kjell og Gisle for nyttige og gode innlegg! So vidt eg kan sjå, manglar me namnet på husmannsplassen under Bø der Sjur og Britha budde i 1830-åri, men det er vel ikkje so godt å få greie på no...?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Britt D. Hjeltnes

Kopiert fra Vossaboki som ligger på nettet : Husmannsplass.Rannveig Styrksdr., enkja etter leiglending Mikkjel Gudleikson, hadde plass då ho døydde 1751. Sjur Nilsson f. 1805, død 1846, gm. Brita Monsdr. Gjerme hadde plass på Bø. Gudve Arnfinnsdr. døydde 1842, 45 år gl. som husmannskone. Mannen hennar, Knut Andersson, vart som fyrr fortalt attgift 1842 og kjøpte gard på Bø. To av bruki på Bø hadde kvar sin teig uppe under Seve, «Bøjateigen» dei kalla. Sjur og Brita var husmanns---- side 197 ---folk der. Sidan han døydde 1846, har der ikkje vore nokon husmann. Det er no bruk 6 og 7.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Britt for glimrande opplysningar! Eg var ikkje merksam på at Vossabøkene ligg ute på nettet, men no er i alle fall dette problemet løyst for meg!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.