Gå til innhold
Arkivverket

[#32241] Søren T. Hille, skipper i Stavanger kring 1877 - kven var han?


Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Sophie Thorine Hofgaard, f. Berg, fødd i Bergen 13.3.1803, døydde i Bergen 18.7.1877. Ho gifte seg i Bergen i 1844 med skreddarmeister Iver Christopher Hofgaard, men ho hadde vore gift før, for dødsmeldingi hennar frå 1877 seier ho hadde ein son frå første ekteskapet:* Søren T. Hille, skipper, busett i Stavanger.Eg har søkt i diverse folketeljingar og på FamilySearch, men finn ikkje fødsli til denne Søren Hille. Og ikkje kan eg sjå at han er fødd i Bergen.Kan nokon hjelpa meg? Kvar i all verdi har Sophie Thorine vore gift med denne første mann sin, som vart far til Søren Hille?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Rune for melding. Eg har gjort same observasjonen og er like forundra! Kanskje fór dei med ei aldri so liti ''kvit'' løgn? Men at Sophie var mor til Søren Hille, synest vera ganske so sikkert!?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Rune for nytt innlegg!Eg har vore inne på tanken om at dette kan vera ''vår'' mann; alderen høver godt, men i so fall har han feil yrke!? Dødsmeldingi til mori seier tydeleg at han var skipper, og då er det eit stykke veg til apoteket...!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Rune Thorstensen

Ja, jeg er enig med deg Lars.Jeg tror denne Søren var sønn av Wollert Krohn Hille, og jeg mener å erindre i farten at han var gift med en Elisabeth?Jeg finner imidlertid ingen annen passende kandidat i 1865-tellingen.Dessuten er det jo uklart om T. i navnet er et mellomnavn eller farsnavn f.eks. Tønnessen Hille. Mvh. Rune Thorstensen

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Terje Aarland

Kan han ha sine røter frå Austevoll (dåverande Sund sogn). Gardsnavnet Hille er på øya Store Kalsøy eller Bakkasund i Austevoll.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Rune, Marie og Terje for nye innlegg!Det var ein svært interessant fødsel som du Rune fann på FamilySearch. Eg kan ikkje sjå at fødsli er innført i databasen som Digitalarkivet har over fødde i Bergen, so eg har lagt inn ei etterlysing i Arkivforum, men utan so langt å ha fått svar. Det vert særleg spennande å sjå om foreldri var gifte...!?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Marie Skålnes

Austevoll er nemnd i innlegg 9. Her finns Hidle også på Bømlo; i tidlegare folketellingar er garden kalla Hille. Der er ein ugift Ole i 1800, men han er kanskje litt gammal til å vera far til denne Tollef. Ellers er ei form av namnet Tollef i bruk på Hidle også i dag.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.