Gå til innhold
Arkivverket

[#32243] Dødsmeldingar Bergen 1955 og 1974 (Johannessen/Jakobsen)


Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Sigvard Johan Johannessen, døydde i Bergen 21.2.1955. Han var gift med Marta Gjertine Andersen/Fosse (1902-1980).Anna Sofie Jakobsen, f. Andersen/Fosse, fødd i Bergen 13.7.1899, døydde i Bergen 6.5.1974. Ho var enkje etter stuert ''Kalle'' Jakobsen.Om det er mogeleg, ville eg setja stor pris på følgjande opplysningar:* Talet på born (berre søner?) etter Sigvard Johan Johannessen?* Fødselsdato (og fødested) for Sigvard Johannessen?* Yrkestittel for Sigvard Johannessen?* Eventuell vigselsdato?* Talet på born etter Anna Sofie Jakobsen?* Fullt namn på ''Kalle'' Jakobsen?* Fødsels- og dødsdata for ''Kalle'' Jakobsen?* Eventuell vigselsdato for ''Kalle'' og Anna Sofie?Eg takkar so mykje på førehand for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 måneder senere...
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Eg tillet meg å henta fram att denne saki. Eg vonar framleis på hjelp til å løysa desse problemi og takkar so mykje på førehand!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...
Gjest Yngve Nedrebø

Sigvard Johannessen var fødd i Bergen 18. oktober 1905, og gifta seg i St. Markus 18. desember 1928. Då han døydde var han bybud og hadde han etter seg seks søner, fødde frå 1934 til 1944.Anna Sofie Jakobsen var enke etter Karl Jacobsen, og hadde to døtre og tre søner. Det står ikkje noko i dødsmeldinga om når mannen var død.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Yngve for gode og nyttige opplysningar!Eg er litt forundra over dødsmeldingi til Anna Sofie Jakobsen (eller Jacobsen? - mannen er kalla Karl Jacobsen!), men kanskje vigsli kan finnast? Jentenamnet hennar var Andersen eller Fosse, og ho må ha gift seg kring 1922-1925? Då får me ogso identifisert mann hennar...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.