Gå til innhold
Arkivverket

[#32252] Paul Johan Larsen (1866) og Johan Berg Larsen (1873) frå Bø til Amerika, lagnad?


Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Paul Johan Larsen, fødd på Straume i Bø i Vesterålen 24.3.1866, utvandra til Amerika i 1889 og skal vera avliden i Amerika i 1953. Kjelda for denne siste opplysningi er truleg bygdebøkene for Bø!?Johan Berg Larsen, fødd på Straume i Bø i Vesterålen 20.10.1873, var ei tid handelsmann i Dverberg, men utvandra til Amerika etter 1900. Han skal vera avliden i Amerika i 1949, truleg etter same kjelde.Eg har freista finna att desse brørne i Amerika, men har ikkje lukkast so langt! Finst det kanskje fleire opplysningar om dei i bygdebøkene for Bø? Foreldri heitte Lars Johannesson og Kirstina Marie Fredriksdotter. Lars var frå Sogn!Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Rune og Solveig for morgonfriske og gode innlegg!Opplysningane om Johan har avslørt lagnaden til Paul Larson! Vigdebasen for Clay Co., MN syner at han gifte seg der i 1898 med Ragna Sophie Myhre, og etter fleire år på ein farm i Eglon township, Clay Co., MN (der Paul i 1900 feilaktig vart kalla Carl, men fødd i mars 1867!) flytte dei kring 1907 til Pierce Co., WA der Paul døydde som enkjemann 17.2.1950. Han og Ragna fekk fjorten born i lag!Utruleg kva ein kan finna etter gode tips! Nok ein gong ein stor takk for hjelpi so langt! Framleis står det att å spora opp Johan, men greier eg å finna einkvan i ætti til Paul, so kanskje veit dei beskjed..!?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Det ser jamen ut til at Johan ogso hamna i Pierce Co., WA! Ein John B. Larson døydde i Tacoma, WA 6.12.1949, 86 år gamal, so det må vel vera han. Spørsmål etter nærare detaljar er på veg!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Jon for siste innlegget!Det var denne innførsli i 1930 som fekk meg til å leita både i WADI og likeins i TPL's obituary database, og det vart klaff båe stader!Men eg finn ikkje John korkje i 1910 eller 1920!?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.