Gå til innhold
Arkivverket

[#32275] Henrik Henriksen Rossing, Trondheim


Gjest Håkon Aasheim
 Del

Recommended Posts

Gjest Håkon Aasheim

Eg kjem atter eingong tilbake til denne karen. Det eg no har fått stadfesta mest 100 % sikkert, er at han var av 'det reisande folket'. Og så var det ein som sa til meg at hjå slike folk kunne ein barnefødsel finna stad ein plass, og dåpshandlinga, med den fylgjande innskrivinga i kyrkjeboka, kunne vera gjort ein annan stad.I 2 av H.H.R. sine seinare giftarmål er det nemnd at han vart fødd i Trondheim i 1790. Men ingen dåpen funne i kyrkjebøkene for dei 4 kyrkjene i Tr.heim for dette året, +/- 3 år.Kor langt kan foreldra til H.H.R. ha fare før dei tok guten til dåpen? Er det nokon som kan ha ei formeining om slikt?Eg ser for meg at det i fyrste omgang må leitast i kyrkjebøkene for Stjørdal, Hegra, Meråker, Namsos Namdalen), Steinkjer og Levanger. Dersom dåpen vart gjort rimeleg straks etter fødselen, så var vel ikkje foreldra kome så langt nordover. Samt Hitra, for H.H.R. var sjølv innom der seinare.Så anten tek eg meg ein tur til Trondheim, eller låner filmrullar via biblioteket. No hadde det vore fint å hatt kyrkjebøkene scanna på nettet.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.